Sport | 17. aug. 2017

Eirik og Myrna lager allsong under sykkel-VM

1.150 utøvarar og 500.000 tilskodarar er venta til Bergen. Der skal to frå Os vera del av underhaldninga.

Eirik og Myrna lager allsong under sykkel-VM
Eirik Søfteland og Myrna Braza er blant artistane i «Allsang fra Bergen» 21. september under sykkel-VM.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. aug. 2017 13:01

Laurdag 16. september er det opningsseremoni for årets sykkel-VM, ei av verdas største idrettsarrangement. VM, som består av 12 øvingar over 9 dagar, er venta å få 500.000 tilskodarar og 300 millionar TV-sjåarar.

I går gjekk Bergen2017 ut med meir informasjon om programmet under sykkel-VM, der Eirik Strønen Søfteland og Myrna Braza er blant musikarane som skal på scenen.

– Eg blei oppringt måndag og er glad for å bli ein del av arrangementet, seier Eirik til Midtsiden.

Han og Myrna, som i fjor flytta til Os med sin sambuar frå Os (og blei innbyggar nr 20.000), Thomas «TomTom» Haugland, skal delta i «Allsang fra Bergen».

«Allsang fra Bergen» blir arrangert på Torgallmenningen torsdag 21. september og får Christine Gulbrandsen og Claus Sellevoll som programleiarar.

Eggum eller Immortal?

Artistane på programmet er blant andre Ephemera, Ove Thue, Myrna Braza, Eirik Søfteland, Christine Sandtorv og Serlina.

– Tanken er at vi skal synga musikk frå Bergen. Kva låtar eg skal synga er føebels uvisst, seier Søfteland.

– Om det blir rock, kanskje du kan by på noko av det meir kjente frå regionen, som «Immortal» frå Os?

– Eg kom med same forslag sjølv, men det er eit familiearrangement som skal oppmoda til allsong, så då kan det henda at arrangørane finn noko dei synest er betre eigna. Kanskje det blir ei eldre Jan Eggum-vise på meg?

– Vi skal ha eit låtmøte måndag, der vi får nokre forslag, så skal vi velja oss ut og bestemma programmet etter dette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.