Kultur | 22. nov. 2013

Eirik Søfteland med ny låt

– Den er energirik, men ikkje spesielt høg eller låg i tempo, seier Eirik. Her kan du høyra rykande ferske "Lust or Love".

Eirik Søfteland med ny låt
Eirkk Søfteland under Rock N LOL i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. nov. 2013 08:42

I morgon dansar Eirik i finalen i Skal vi Danse, i dag slapp han låta Lust or Love.

– Det blir ikkje tid til noko form for formelt slepp i dag, det blir berre øving på parketten, seier Eirik til Midtsiden.

Her (iTunes) kan du høyra låta

I kveld ser du Eirik som gjest på Senkveld - og ja, han skal synga, men ikkje si eiga låt.

– Programmet blei spelt inn onsdag og eg og Kim Daniel skal synga og beatboksa oss gjennom ei Michael Jackson-låt, avslører han.

Støtte frå USA og Fusa

Låta Lust or Love blei laga av Eirik i sommar, nokre veker etter at han song for fleire tusen på Søfteland Rock N LOL.

– Eg hadde med meg Melanie Montana, som også var til god hjelp under Idol, og ein annan amerikanar, då eg lagde låta.

– Dei hjelpte til med melodi-linja, men i ettertid har eg hatt med meg bandkompis Espen Austestad for å rocka låta opp.

– Det kjem mykje kult ut av Espen når du serverer han eit ønskje, seier Eirik om KingCalling-gitaristen frå Fusa, eller (F)USA, som er populær skrivemåte i enkelte samanhengar.

– Nesten pompøs

Eirik seier låta har ei meining, men han vil ikkje ut med den.

– Den kan bety noko anna for lyttaren enn for meg, den er open for det.

– Men eg synest det er ei energirik låt, nesten litt pompøs. No er eg spent på mottakinga og på kva vi får til på radio.

– Du toppa iTunes og kom inn på VG-lista med Gonna go my Way. Kan du håpa på noko liknande no, når mediefokuset på deg handlar mest om dans?

– Eg veit ikkje. Det var meir musikk i vår, men samtidig føler eg at eg får mykje merksemd generelt, og vi har god dialog med nokre radiokanalar.

12-timarsdagar

Etter siger i semifinalen i Skal vi Danse laurdag har Eirik og Nadya hatt lange dagar, allereie søndag formiddag var dei på øving igjen.

Les òg: – Meir himmel enn helvete

– Søndag heldt vi fram til 21.30 om kvelden, måndag og tysdag blei det 12-timarsdagar, onsdag og torsdag mykje det same.

– I tillegg til mykje øving har det vore innspeling med TV2, både til finalen og til Senkveld, og intervju med VG, Dagbladet og Nitimen.

– Det blei mykje berrføtt denne veka òg. Beina verker no, men det skal nok gå bra, trur Eirik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.