Lokal | 17. nov. 2014

Eit betre liv for foreldre og barn

Norges Forbund for Utviklingshemmede har lokallag i over 20 kommunar i Hordaland, men ikkje i Os.

Eit betre liv for foreldre og barn
Fylkesleiar Geir Tore Søreide i NFU kjem til Os for å halda informasjonsmøte. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. nov. 2014 11:49

Norges Forbund for Utviklingshemmede har over 1000 medlemmar i Hordaland, fleire av dei er frå Os.

– Men det er ikkje noko lokallag her, og det ønskjer vi å gjera noko med, seier Geir Tore Søreide.

Søreide er fylkesleiar i Hordaland og inviterer til ope møte i Kløvertun onsdag.

For utviklingshemma og foreldre

NFU jobbar med både aktivitetar og kurs, frå praktiske problemstillingar til hyggelege sosiale samankomstar.

– Vi følgjer medlemmane frå ungane er små til dei flyttar for seg sjølv. Om ikkje så lenge skal vi for eksempel ha kokekurs på Fitjar for utviklingshemma som er i ferd med å flytta for seg sjølv, så dei enkelt kan laga seg sunn og god mat.

– Vi held også kurs innan seksualitet, musikk og teater, og eigne kurs for føresette og folk som jobbar med utviklingshemma.

– I NFU sentralt sit juristar som hjelper til om føresette møter veggen i samband med byråkrati, for at alle skal få det dei har krav på, fortel Søreide.

Håper på å danna nytt lokallag

På møtet onsdag vil han informera om NFU.

– Med eige lokallag er det lettare å få fleire med, og at fleire av arrangementa våre hamnar i Os.

Det sosiale er også viktig. NFU Hordaland har fleire arrangement i løpet av året, blant anna ein sommarleir i Sunnhordland.

– Det er ikkje så mykje så skal til, 5-6 engasjerte som dannar eit styre. Fylkeslaget har god økonomi og hjelper til med å få lokallaget i gang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.