Sport | 14. okt. 2017

– Eit ekstremt viktig poeng

Os klarte berre eitt poeng mot botnlaget Aalesund 2, men det kan vera nok.

– Eit ekstremt viktig poeng
Rafael Villen Villen,her mot Aalesund 2 heime, skåra Os sitt første mål (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrelørdag 14. okt. 2017 16:13

Medan Lysekloster kjempar om opprykk, slit Os i motsatt ende av tabellen og låg før dagens kamp rett over nedrykksstreken.

Laurdag reiste dei gule og svarte til Ålesund for å møte Aalesund 2, som lenge har vore klare for 4. divisjon. Det blei ikkje ein kamp slik Os ønska.

– Vi speler ein kamp vi er skuffa over. Det var nok ein del spent hovuder utpå der i dag, oppsummerer assistenttrenar Ørjan Håland.

Aalesund 2 - Os 2-2 (1-0)
Målskårarar Os: Rafael Villen VIllen og Torgeir Lunde
Os sitt lag: Thomas Hille, Knut Spangelo Haga, Endre Brenne, Ole Martin Lekven Kolskogen, Divaldo Cardoso, Alexander Dale (Anders Havsgård, 81 min), Erik Kanestrøm, Torkel Hjertnes, Hassan el Fakiri (Rafael Villen Villen, 69 min), Alexander Tøssebro (Skage Lehland, 50 min).

Sjå tabellen

Mål på overtid 1

Os fekk den verst tenkelege avslutninga på den første omgangen. På overtid skårar Aalesund 1-0.

– Det er slurv av oss. 10 sekund over overtida får Aalesund corner. Vi står og ser på og dei skårar. Det er på verst mogleg måte og verst tenkelege tidspunkt, seier Håland.

Mål på overtid 2

Os får også 2-0 i trynet før dei byrjar redusere.

– Rafael kjem innpå i andre omgangen. Han dreg av ein mann og curlar ballen forbi keeper frå 18 meter.

– 2-2 kjem på overtid. Endre legg inn frå høgre, ballen går gjennom heile feltet. Der står Erik Kanestrøm og legg 45 gradar ut til Torgeir Lunde som smell ballen i mål. Det blei ein god del jubel utpå der då.

Har ein jobb å gjera

Før siste runde, heime mot serieleiar Brattvåg, ligg Os framleis over streken med 30 poeng tre poeng framfor Stord og Haugesund 2, som møter kvarandre i siste serierunde.

– Difor var det eine poenget vi fekk med oss så ekstremt viktig. Vi har ein jobb å gjera mot Brattvåg slik at vi får eit bra resultat der. Om det betyr at vi hjelper Lysekloster til opprykk, så er det noko vi ikkje tenkjer på. Rykker dei opp, så har dei vore det beste laget gjennom sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.