Lokal | 19. sep. 2013

– For eit engasjement!

32 søknader på tilsaman 2,250 millionar kroner har kome inn til kommunen sine KUP-midlar. – Det viser berre kor stort det frivillige engasjementet er i bygda, seier kultursjefen.

– For eit engasjement!
Kultursjef Lisbeth Axelsen gler seg over dei mange søknadane som har kome inn på KUP-midlane (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. sep. 2013 13:13

I vår delte formannskapet ut 700 000 kroner frå dei sokalla KUP-midlane (KulturUtviklingsProgrammet). Potten kommunestyret satte av i budsjettmøtet i desember i fjor var på totalt 1 million kroner. Dei siste 300 000 kronane hadde søknadsfrist for vel ei veke sidan.

No har kultursjef Lisbeth Axelsen sortert og gruppert søknadane som kom inn.

– Totalt er det kome 32 søknader på tilsaman 2,250 millionar kroner.

– Søknadssummane strekk seg frå 5000 til 300 000 kroner, så det er eit vidt spenn.

– No skal det seiast at fleire av dei søkje om inntil ein viss sum, så det ligg eit visst slingringsmonn i dei, fortel Axelsen.

Arbeidsgruppe skal gje innstilling

Då formannskapet delte ut dei første 700 000 kronene i vår gav fleire av medlemmane uttrykk for at det var litt vanskeleg å gjera beslutninga på bakgrunn berre av dei listene som låg i saka, og at dei ønskja seg ei innstilling i saka.

– Sidan dette er politikarane sine midlar, så tykkjer vi det er mest rett at det er dei som kjem med innstillinga.

– Ei arbeidsgruppe beståande av ordførar Terje Søviknes (Frp), varaordfører Marie Lunde Bruarøy (H) og Lars Atle Skorpen (AP) frå oppisisjonen skal no gå gjennom søknadane og gje si innstilling til formannskapet, forklarar Axelsen.

Saka kjem truleg opp på neste formannskapsmøte den 8. oktober.

Syner eit stort engasjement

Axelsen lar seg igjen imponera over det breie og store engasjementet for frivillig aktivitet i bygda.

– Søkjarmassen er eit godt bilete på kor mange eldsjelar og frivillige som finst i bygda.

Søknadane spenner over det meste av frivillig aktivitet innan kultur og idrett.

– Veldig grovt sagt kan vi seie at søknadane går på drifts- og prosjektstøtte.

– I tillegg er utstyr ein sentral post for mange. Overraskande mange ønskjer seg nytt lydutstyr til aktivitetane sine, avsluttar kultursjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.