Lokal | 31. des. 2014

Eit fantastisk år for Os

Lesarinnlegg: Ordførar Søviknes ser tilbake på 2014.

Eit fantastisk år for Os
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. des. 2014 08:44

2014 har vore eit fantastisk år for Os kommune. Etter rekordoverskot i 2013, kunne vi ta fatt på året med stor optimisme og ro omkring kommuneøkonomien. Fleire store utbyggingsprosjekt, og ikkje minst E39, har stått i fokus gjennom året.

Skuleutbygging
I august opna vi for første gang på 50 år ein splitt ny ungdomsskule. Nore Neset Ungdomsskule er blitt ein praktskule – levert på tid og budsjett. Litt seinare på hausten kunne vi òg markere at Os Ungsomskule er oppgradert til ein moderne ungdomskule. Med det har ungdomsskuleelevane våre fått to topp moderne skular for framtida. I tillegg vart Kuventræ skule bygd ut på rekordtid i 1.halvår, og elevar i sentrumskrinsen kunne gleda seg over å sleppa reising til Søfteland skule. Til sist vart arbeidet med nye Lysekloster skule starta opp i sommarferien, og skal stå klar til innflytting neste haust. Med det er vi i denne omgang ferdig med tidenes skuleutbygging i Os - til nær 350 mill kroner. Første fase av Skulebruksplanen er realisert.

Omsorg
I 2015 vil hovudfokuset retta mot utbygginga innan eldreomsorga, med 90 nye plassar på Luranrunet og etter kvart oppgradering av den gamle sjukeheimen. No i desember vart også Bjørnefjorden Bufellesskap v/Kunhletunet ferdigstilt. 12 fantastiske husvære for unge psykisk utviklingshemma frå 17-25 år står klar for innflytting like over nyttår. Mange, ikkje minst foreldrerepresentantar, har jobba lenge for dette tiltaket. Slike prosjekt får kanskje ikkje like stor merksemd som andre byggjeprosjekt, men som osingar kan vi verkleg væra stolte av anlegget på Kunhle.

Liv på Øyro
Prosjekt Liv på Øyro har også hatt fin flyt gjennom året. Stads- og mogelegstudie for Osøyro, arkitektkonkurransar for Bydraget og Parkeringshus, aktivitetsprogram, fantastisk Bryggedans på kaien framfor Os Sjøfront, besøk av Statsraad Lehmkuhl, Osfest og ei aktivt adventstid er stikkord for 2014. Fleire eigedommar i sentrum har òg fått nye langsiktige eigarar dette året, og i 2015 startar dei fysiske arbeida med Bydraget/Torget og oppgradering av Baronsgården.

Merkedagen for E39
For dei fleste vert imidlertid 18.november ståande som den store merkedagen i 2014. Etter vel 50 års planlegging godkjende endeleg Stortinget E39 Os – Bergen! I desember selde Os kommune grunn til veganlegget, og like før jul ble prosjektet lagt ut på anbod. No kan vi bere sjå fram til byggjestart neste haust, og ei spennande tid for utvikling av Lyseparken Næringsområde. Og arbeidsplassar treng Os. I lite skjer i sjøen for 2014 har vært nedlegginga av Lyssand Treindustri og meldinga om flytting av deler av Rolls Royce sin produksjon på Ulven. Samstundes registrer vi at mange Os-bedrifter gjer det godt, og fleire har markert seg godt i høve vekst i 2014. I kommuneleiinga har vi òg merkt auka interesse for nyetableringar i Os etter at Stortinget vedtok E39-utbygginga.

E39 Hordfast
Fergefri E39 Hordfast med kryssing av Bjørnafjorden har hatt stor merksemd dei siste åra, så også i 2014. Planprosessen går vidare, og det er særs positivt at Statens Vegvesen har lytta til Os kommune og tatt inn kommunestyrefleirtalet sitt framlegg om ilandføring i Bjørnatrynet og miljøtunell vidare til Moberg, som eit av alternative som noe vert utreda. I tillegg har dei sjølv lansert eit tunellalternativ under Søre Øyane, slik at Os-skjergarden kan skjermast. I løpet av det neste halvanna året skal endelig trase avklarast, og vi har framleis ein stor jobb å gjera for å sikra det beste trasevalet gjennom Os.

Idrett i fokus
2014 har også vært eit godt år for idretten i Os. Rett nok rykte korkje Os eller Lysefjorden opp til 2.divsjon, men ei rekkje gode prestasjonar vart toppa då Sverre Lunde Pedersen vant sin første World Cup-siger i november. Uansett har dette året vore særs viktig for realisering av fleire idrettsanlegg i Os-bygda. Utbygginga av sentralidrettsanlegget Os Idrettspark, Kuventræ til 70 mill kr vart endeleg vedtatt. Det same vart Friplassen på Søfteland, ny 7’arbane på Halhjem og utviding av anlegget til Lysekloster IL. Forsvaret har i tillegg klarert at Os MC og MX Klubb kan få utvida sin bane i Kolskogen. Det kommande året skal alle desse anlegga realiserast. Idrettslaga har vore aktive, kommunen bidrar finansielt og vi har hatt fantastisk drahjelp frå Trond Mohn. Det er heilt utruleg kva den mannen stiller opp med! Vi må berre bukka og takka, og sørgja for at kvar ei krone kjem idretten, og ikkje minst barn og unge, til gode.

Kommuneøkonomien
Kommuneøkonomien har også utvikla seg positivt gjennom året. Solid kontroll på driftsutgiftene internt og god avkastning på finansporteføljen (19,1 mill kr pr nov.) vil gje nok eit godt årsresultat for Os kommune. At vi i haust, etter lang lobbyering, også fekk gjennomslag for ein kraftig auke i vekstkommunetilskotet lover bra for framtida. Kommunestyret kunne då også i desembermøtet vedta eit historisk godt 2015-budsjett for Os kommune. I høve mange andre samanliknbare kommune er Os no i ein særs positiv situasjon. Budsjettstyring, å halda igjen på driftsutgifter, snu på kvar krone, - det er kanskje ikkje det mest spannande ein kan driva med. Men det er heile fundamentet for at vi skal ha handlingsrom og kapasitet til å utvikle Os-bygda vidare med nye prosjekt som nemnd ovanfor. Eit sær godt trepartssamarbeid mellom politikarane, administrasjonen og tillitsvalde dei siste åra et heilt klårt ein av suksessfaktorane for Os kommune.

Ein annan er motiverte og dedikerte medarbeidarar. Eg vil difor nytta høve til å takk kvar og ein av dei tilsette i Os kommune for ein fantastisk jobb gjennom 2014. Utan alle dei som står på 24/7, og levere tenester til oss innbyggjarar kvar einaste dag året rundt, hadde vi vært der vi er i dag. Tusen takk!

2015 vert eit nytt spannande år for Os. Det er nok å nok å nemna stikkord som kommunereform, kommuneplanvedtak, diverse utbyggingsprosjekt, Liv på Øyro, oppstart for E39 og kommuneval. Ein ting er sikkert, – i lys av E39-utbygginga går vi inn i ein fantastisk spanande utviklingsperiode for Os kommune og resten av bergensregjonen.

Med det vil eg takka alle sambygdingar for året som har gått, og ynskje kvar og ein av dykk eit RIKTIG GODT NYTT ÅR!

Terje Søviknes (Frp)
Ordførar, Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.