Lokal | 27. nov. 2014

Eit filter og ein målestokk

Kvar av dei 365.000 elvemuslingane i Oselvo reinsar 50 liter vatn i døgnet. Ein ny rapport fortel om tilstanden til bestanden.

Eit filter og ein målestokk
Forskarar fortel om auka bestand i Oselvo av den raudlista elvemuslingen. (Foto: Bjørn Mejdell Larsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. nov. 2014 08:25

Elvemuslingen (Margaritafera margaritafera) er ein ferskvannsmusling som lever i rennande vatn på den nordlege halvkule. Arten er raudlista og halvparten av elvemuslingen i Europa lever i Noreg.

I tillegg til å reinsa vatn er den sårbar for forureining, og derfor ein god indikator, ein målestokk på vasskvaliteten.

Oselvo er ei av 16 elver i Noreg som blir overvaka og forskarar frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) har nyleg kome med ein rapport om tilstanden.

Frå sårbar til levedyktig

I nedste del av Oselvvassdraget gjekk bestanden kraftig tilbake på 60- og 70-talet. Årsaka var høg tilførsel av næring (gjødsling), forureining, grusuttak og seinking av elveløpet.

Men elvemuslingen kan bli 250 år gamal og bestanden kan ta seg opp dersom vilkåra endra seg. Og vilkåra har endra seg.

– Det skjer ting i Søftelandselva som vi skal vera glad for, seier forskar Bjørn Mejdell Larsen til NINA.no.

Dei første 5-6 leveåra som musling er under grusen i elva. Det er no funne nokre hundre 11-12 år gamle muslingar i Søftelandselva og i Hetlestraumen, der det tidlegare berre blei funne nokre få muslingar.

Kan bli svekka igjen

Frå 2004 til 2012 gjekk bestanden opp. I rapporten frå hausten 2014 går bestanden yttarlegare opp. Oselvo har gått frå kategorien sårbar til levedyktig.

Elvemuslingen er, i tillegg til god vasskvalitet, avhengig av aure eller laks, fordi den som larve lever som parasitt på gjellene til aure eller laks. 

I rapporten frå undersøkingane påpeikar forskarane at tilstanden er ustabil og raskt kan endra seg i negativ retning om ikkje fokuset på tiltakssida blir oppretthalde.

Les meir om rapporten på NINA.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.