Sport | 18. aug. 2014

Eit halvt poeng frå VM-sølv

Arne Veim Haugland tok seg til nok ein VM-finale i dødsing.

Eit halvt poeng frå VM-sølv
Arne Veim Haugland i lufta i VM i Oslo i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. aug. 2014 07:03

I juli deltok han i Sup & Stup i Lillesand, i august har han vore på trening i nye, men uopna Alexander Dale Oen Arena (sjå video på BT.no).

Laurdag var årets høgdepunkt fot akrobaten Arne Veim Haugland frå Os; VM i dødsing i Frognerbadet i Oslo.

Sjå video på VG.no.

Det var 63 som stilte til kvalifisering til 30 plassar i kvartfinalen. Arne var blant dei 12 som var kvalifisert på førehand. Han var også blant dei 20 som tok seg til semifinale og dei 10 som gjekk til finalen.

Filip Julius Devor, som også vann i fjor, stakk av med sigeren, tre andre kom på delt 2. plass med 42 poeng.

Arne Veim Haugland, som kom på 4. plass i fjor, fekk 41,5 poeng og landa på 5. plass i år.

– Eg hadde eit svakt kvalifiseringshoppstup i kvartfinalen, men gjorde det bra i semi og finale. Dessverre tok vi med oss poenga frå kvartfinalen i samla sum etter finale.

– Eg hadde også ein skadd ankel, som gjorde at eg ikkje kunne ta det stupet eg ønskte. Men eg er nøgd med å vera eit halv poeng frå 2. plass, seier Arne til Midtsiden.

Dette var siste stupekonkurranse for Arne i år. I 2015 reknar han med det blir både Sup & Stup, VM og kanskje ein konkurranse i ADO Arena.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.