Kultur | 02. jan. 2018

– Eit høgdepunkt for Vebjørn

Vebjørn Sand poppar opp med over 200 bileter frå galleriet i New York i Oseana frå torsdag.

– Eit høgdepunkt for Vebjørn
Aune Sand, her i ferd med å bera inn eitt av bileta til tvillingbror Vebjørn, gler seg til å visa osingane bileta og broren Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 02. jan. 2018 13:32

I tre år har Aune og Vebjørn Sand reist rundt i Noreg med eit vel av bileta til Vebjørn. Torsdag opnar dei pop-up utstillinga i heile Oseana.

– Det var då vi blei femti at Vebjørn og vi andre i Galleri Sand bestemte oss for å ta Vebjørn sine beste bileter ut av galleriet i New York og heim til Noreg. I New York har vi fått vist bileta for verdspublikummet og oppnådd draumen. No ville vi visa bileta for det norske publikummet, fortel ein engasjert Aune Sand.

Tre år på vegen

Utstillingsmaratonen starta i Oslo då ein ven av brørne, Øystein Vestre frå Haugesund, meinte at dei måtte ta bileta ut til folket.

– Starten på turneen var på Kongsvinger Festning. Truleg den vakraste festningen i Noreg. Det blei heilt magisk og ein kjempesukess. Så no har den gått i tre år uavbrutt. Vi har i allefall vitja 35 byar og tettstadar i løpet av åra. No kjem vi får Tysværtunet og før det hadde vi den i Bergen, kor vi også fekk ein fantastisk respons.

Ein takk for støtten

Sand fortel at det er meir enn 200 bileter med i utstillinga, kor dei største er på 3,5 meter. Utstillinga viser motiv frå heile Vebjørn Sand si karriere.

– Vebjørn har sagt at eg har drukket alt for mykje Champagne og ete for mykje krabbesmørbrød i New York og at det no var på tide at eg måtte vera meir audmjuk og reise rundt med bileta for å takka det norske folk for støtta vi har fått opp gjennom åra. For vi har fått ei fantastisk støtte, så dette er ein måte å gje litt tilbake.

– Det vakraste kulturbygget i Noreg

Aune Sand er ikkje redd for å ta store ord i sin munn. Når Midtsiden stiller han spørsmål om kvifor Os og Oseana, så kjem svaret kontant.

– Det er ei stor glede og ære å få koma til Oseana. Bygget er jo det vakraste kulturbygget i Noreg, og med den beliggenheten. I tillegg er det eit heilt unikt kulturhus, som har eit galleri i verdsklassse som ein naturleg del av bygget. Vanlegvis blir jo billedkunsten stort sett tilgodesett med eit lite rom borte i eit hjørne.

– Å få koma hit er eit eventyr for oss som kunstnarar og å få visa Vebjørn sine malerier som ei museumssamling. Det å få starta det nye året i eit sånt hus er ei stor ære og det at Vebjørn skal få sjå bilda sine her er eit høgdepunkt. Han har aldri stilt ut i eit så vakkert bygg før. Kanskje bortsett frå galleriet vårt i New York.

– Eit scoop for oss

Minst like entusiastisk er Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg.

– Det å få Aune og Vebjørn Sand hit er eit scoop eg håpar osingane veit å setta pris på. For Oseana er det eit kjempegøy eventyr og ein fantastisk start på året.

– Vi ønskjer å visa kunst for mange auge og å ha ei bredde i tilbodet, og utstillinga til Vebjørn Sand er i høgste grad med på å gjera nettopp det, seier Lindeberg.

Maler med barn

Vebjørn Sand kjem sjølv til Oseana for å vera til stades og for å ha eit gratis målarkurs for barn i løpet av den tida utstillinga står.

– Datoen er ikkje heilt spikra, men Vebjørn kjem og vil læra ungane å måla perspektiv med pingvinar på isen. I tillegg vil han fortelje om måleria og dei ulike prosjekta vi har gjort, som stjerna på Gardermoen og Leonadobruen i Ås. Han gjorde det nettopp på Tysværtunet med omlag hundre ungar. Det blei ein kjempedag, fortel Sand.

– Det passer jo i tillegg som hånd i hanske med slik vi tenker og dei tinga vi allereie gjer gjennom til dømes Friskunst-prosjektet. Å nå ut til ungane er viktig også for oss, supplerar Lindeberg.

Ti dagars utstilling

Utstillinga opnar torsdag 4. januar klokka 12 og står fram til og med søndag 14. januar.

– Eg kjem til å vera her under heile utstillinga, seier Aune Sand.

– Oseana kjem for øvrig til å utvide opningstidene i perioden til kl 20.00, så då er det mogleg for osingane også å koma etter jobb, avsluttar Ole Tobias Lindeberg med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.