Lokal | 11. sep. 2015

Eit levande Fjellheim gjev liv på Øyro

Lesarinnlegg: Korleis skal du stemma ved valet om du er ein av dei 4000 som vil bevara Fjellheim?

Eit levande Fjellheim gjev liv på Øyro
Fjellheim. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. sep. 2015 07:11

Dersom du stemmer på eit parti som er for riving av Fjellheim, men er ein av dei 4000 som har skrive under på at du vil bevara Fjellheim, kan du føra opp 8 personar som er for bevaring, frå andre lister, på stemmesetelen din!

Det er svært spanande med stor interesse frå mange parti!

Fleire skjøner at Fjellheim framleis kan bli til god nytte for mange og ikkje minst at huset er viktig å ta vare på som ein sterk historisk Os-indentitet!

Desse partia går i programmet sitt inn for bevaring av Fjellheim:
- Arbeidarpartiet
- Miljøpartiet dei Grøne
- Senterpartiet
- Sosialistisk Venstreparti
- Tverrpolitisk Samlingsliste
- I tillegg er Venstre delt mht å bevara Fjellheim. Sjekk Bevar Fjellheim si nettside: bevarfjellheim.no - her kan ein finna namn på dei frå Venstre som støtter Fjellheim.

Vi vil vera tilstades på Flåten senter fredag 11. og laurdag 12. september frå cirka klokka 12.

Ha eit godt val!
Foreningen Bevar Fjellheim

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.