Lokal | 08. okt. 2015

Eit Noreg i endring

Lesarinnlegg. Laila Marie Reiertsen (Frp) kommenterer framlegget til statsbudsjettet.

Eit Noreg i endring
Laila Marie Reiertsen er stortingsrepresentant for FrP (foto: Andris Hamre)
Lesarinnleggtorsdag 08. okt. 2015 08:40

Landet vårt er i endring. Vi har ei auka arbeidsløyse, den er stor og aukande særs på vestlandet. Vi har samstundes ei stor auking i flyktningar. Desse to utfordringane må sjåast på kvar for seg . Regjeringa ser dette ,og utøver mange tiltak i budsjettet for 2016. Samt at det kjem ei eiga sak som gjeld tilstrøyminga av dei mange flyktningane.

Det er særs vestlandet som merkjer ein vanskeleg arbeidsmarknad. Difor set regjeringa av 4 milliardar til ein tiltakspakke til opprusting av infrastruktur og vedlikehald av offentlege bygg.

Dette gjev handlekraft til fleire arbeidsplassar, auka aktivitet og trygging for mange familiar.

Ein tilfører også 4000 nye tiltaksplassar der 1000 inngår i ein ungdomspakke. Her er det Nav som skal styra og plassane skal gå der ledigheita veks.

Ein veit at psykiske lidingar er aukande. Ei alvorleg helseutfordring meiner mange. Difor set regjeringa av 45 millionar som gjev rom for 150 nye psykologårsverk i kommunane. I primærhelsemeldinga varslar ein at det vert lovfesting av kommunane si plikt til å ha psykologkompetanse frå 2020.

I barnevernet styrkjer ein hjelpetiltak innan det førebyggjande arbeidet med 30 millionar. Ein ønskjer at alt skal være prøvd ut før ein går til omsorg overtaking.

Ein styrkjer også tilbodet om psykisk hjelp for barn i barnevernet med 20 millionar. Det og positivt at ein styrkjer bostøtta for barnefamiliar og andre store hushald med 60 millionar og aukar tilsagnsgramma til tilskot til utleigebustader med 111,1 millionar.

Regjeringa har og satt ned eit utval som skal sjå på alle overføringane til barnefamiliar samla. Dette for å sjå om det er andre og meir treffsikre måtar å innretta overføringane på. Dette arbeidet skal væra sluttført i løpet av 2016.

Samfunnet vil i framtida har eit stort behov for tett samarbeid med det frivillige Norge. Difor er det fint at ein løyver 60 millionar i momskompensasjon for frivillige organisasjonar. 42,9 millionar meir i momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Samt 10 millionar til tiltak mot barnefattigdom innan frivillige organisasjonar.

Det er og gledeleg at ein reduserer avkortinga for grunnpensjonen for gifte og sambuande pensjonistar. Det har vore ein av FrP sin fanesak over mange budsjett.

Det er mange gode tiltak på budsjettet for 2016. No byrjar forhandlingane med KrF og V. Så får ein sjå kor endringane kjem. Eg ser at på mitt ansvarsfelt som gjeld familie har i alle høve eit godt utgangspunkt.

Laila Reiertsen
Stortingsrepresentant FrP
Familie –og kulturkomiteen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.