Lokal | 26. jan. 2015

Eit pionerprosjekt langs elva

Grunneigarar vil bygga om langs Oselvo. – Det kan bli eit pionerprosjekt i utviklinga av Osøyro sin sentrumsstruktur, skriv administrasjonen.

Eit pionerprosjekt langs elva
Reguleringsplanen omfattar tomta nærast brua og dei tre første nausta (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 26. jan. 2015 14:02

Torsdag gav fleirtalet i Plan- og bygningsutvalet løyve til oppstart av endring av reguleringsplan for Osøyro for fire nausteigedomar langs Oselvo.

Dei fire eigedomane som er omfatta av planen strekk seg frå Osbrua og oppover mellom elva og Hamnevegen. På dei eksisterande nausta ønskjer ein å ha moglegheiten til å legge bustader i andre høgda, medan første høgda framleis skal vera naust/næring. Tomta nærmast brua er tenkt nytta til næringsretta verksemd.

I saksutgreiinga konkluderer administrasjonen med at planarbeidet legg til rette for eit forslag til regulering i samsvar med overordna retningslinjer for by- og tettstadutvikling.

– Planen kan bli eit pionerprosjekt i utviklinga av Osøyro sin sentrumsstruktur, spesielt med fokus på byutvikling langs elvekanten. Det er behov for å endra reguleringsplanen for Osøyro, skriv administrasjonen i si innstilling.

– Skaper den presedens?

I same møte skulle utvalet få ei orientering om ny områdeplan for sentrum, noko som fekk Harald Døsen (Ap) til å lura på om ikkje områdeplanen burde koma først.

– Eg er veldig usikker på kordan vi skal gjera dette. Vil denne reguleringsplanen skapa presedens for resten av sentrumsplanen og videre oppover langs elva, undra Døsen.

– I så fall må eg nett spørre om eg er inhabil sidan eg eig eit naust lengre opp i elva, skaut Gustav Bahus (Frp) inn.

Etter litt diskusjon kom utvalet fram til at planen skulle handsamast for seg og at Bahus ikkje var inhabil.

– Vi må klara å sjå denne samstundes som vi jobbar med områdeplanen.

– Det har kome nye retningliner frå departementet som seier at i bynære områder skal ein legga tilrette for høg arealutnytting, forklarte arealplanleggar i administrasjonen, Henning Wenaas Ribe.

Kor høgt er ok?

Eit av momenta Ribe meiner ein må sjå på er tal på etasjar. I saksframlegget heiter det:

«Planarbeidet må vurdera kva byggehøgder som er aktuelt langs Oselva. Det bør ikkje overstiga 4 etasjer, mogeleg 3 + inntrukke 4. etasje. Det må koma tydeleg fram av planmaterialet kva alternativ som er vurdert.»

– Slik eg ser det så må vi diskutera tal på etasjer langs elva. Både i denne saka og i sentrumsplanen, kommenterte arealplanleggaren.

Nettopp høgde på husa tok Sigrid Aanestad Bakke (KrF) fatt i.

– Er det greitt med fire etasjar ved brua?

– Bør vi senda nokre signal om kva vi meiner allereie no, spurte Aanestad Bakke.

I staden for å godkjenna oppstart av reguleringsplanen no, foreslo ho difor å ikkje godkjenne oppstart i påvente av områdereguleringa for sentrum.

Dette blei nedstemt mot Ap, TvS og KrF sine fire røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.