Lokal | 21. aug. 2014

Eit spesielt skuleår

Store delar av Lysekloster skule er gjort om til ein byggeplass.

Eit spesielt skuleår
Rektor Ole Lars Strønen skodar utover byggeplassen og der det tidlegare skulebygget sto. (Foto: Kari M. Lyssand)
Kari M. Lyssandtorsdag 21. aug. 2014 13:50

Bildeserie:

Til høgre er skulen sitt mellombelse kjølelager. (Foto: KML)
Til høgre er skulen sitt mellombelse kjølelager. (Foto: KML)
Toaletta til dei tilsette (Foto: KML)
Toaletta til dei tilsette (Foto: KML)
Til venstre er toaletta medan skulebrakkene til høgre (Foto: KML)
Til venstre er toaletta medan skulebrakkene til høgre (Foto: KML)
6. klasse har fått klasserom i ei av brakkene. (Foto; KML)
6. klasse har fått klasserom i ei av brakkene. (Foto; KML)
7. klasse er blitt flytta til Lysekloster IL sitt klubbhus. (Foto; KML)
7. klasse er blitt flytta til Lysekloster IL sitt klubbhus. (Foto; KML)
I klubbhuset vil det og bli gjort klart til musikkundervising. (Foto: KML)
I klubbhuset vil det og bli gjort klart til musikkundervising. (Foto: KML)
Byggeplassen omkrinsa av dei resterande skulebygga (Foto: KML)
Byggeplassen omkrinsa av dei resterande skulebygga (Foto: KML)
1 av 7

I juni vart delar av Lysekloster skule jamna med jorda for å gjera plass for eit heilt nytt skulebygg.

I ein hesteskoform rundt byggeplassen står no administrasjonsbygget, gymsalen og mediatek-bygget igjen, og denne veka inntok elevar og tilsette skulen for eit nytt, men litt annleis skuleår.

- Med ein formidabel innsats frå tilsette på skulen og kommunen har vi endeleg kome i mål med førebuingane, seier rektor Ole Lars Strønen.

For å gjennomføra bygginga av nye klasserom har to klassetrinn flytta inn i brakker, eitt klasserom er bygd om, mens 7. trinn har flytta opp i klubbhuset til Lysekloster IL.

- Det har òg blitt litt endring i undervisinga, blant anna er vi utan spesialrom og 6. trinn må venta til dei er i 7. trinn før dei får heimkunnskapundervising.

Store avstandar

Den største ulempa rektor har lagt merke til etter skulestart er at det er blitt store avstandar mellom klasseromma.

- Det er eit stykke å gå rundt sperringane og vi mister litt kontakt med dei i klubbhuset.

- Og det er jo ein del støy og anleggstrafikk no i starten, men det kjem til å bli betre når grunnarbeidet er ferdig i oktober.

Byggeplassen er fysisk stengt og med all ekstra trafikk har det blitt leigd inn eit firma for å sørga for ekstra tryggleik.

– God dialog

Det er ikkje berre at det er mindre plass som har vore ei tilpassing, Strønen fortel om ein del tekniske løysingar som dei må finne ut av då mykje av leidningar og liknande gjekk gjennom det tidlegare bygget.

- Og så har vi god dialog med dei på byggeplassen om det å arbeida på ein skule mens den er open.

- Det er viktig å ta omsyn og det ser alle ut til å vera innstilte på.

Strønen rosar det gode samarbeidet mellom skulen, prosjektgruppa og vaktmeistertenesta til kommunen, som han meiner har gjort sånn at skulen kan halda fram på ein gjennomførbar måte.

Får 2-parallellskule

I bygget som no er rive har dei lenge vore plaga med mykje lekkasjar, setningskadar og dårleg luft frå eit gamalt klimaanlegg.

Det nye bygget vil vera på to etasjar der første-etasjen vil bli innreia i starten.

- Det blir bygd som ein 2-parallellskule, men andre-etasjen kjem ikkje til å bli tatt i bruk med éin gong.

I tillegg til det nye bygget vil gymsalen på Lysekloster bli rehabilitert.

- Det er mykje som skjer rundt oss no, men det at vi ventar på noko betre gjer det lett å halda ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.