Lokal | 15. aug. 2017

– Eit trist syn

Søndag blei denne båten funnen på Krokeide, utsett for hærverk. I går forsto Tor Erik frå Os at det var hans båt.

– Eit trist syn
Båten som blei funnen i denne fjøra på Krokeide ser fin ut på bildet, men er utsett for mykje skadeverk om bord. (Foto: Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. aug. 2017 12:44

«Savner du en Uttern D68DTI? Vi har funnet en slik i Krokeide-området, er nok stjålet. Vi savner eier, ring 02800» skreiv politiet på Twitter søndag.

I går blei Tor Erik Wiik frå Os tipsa om funnet, og køyrde ut i hamna for å sjå at ikkje det var hans båt.

– Eg blei faktisk litt lang i trynet då eg såg at båten min var vekke, seier han til Midtsiden.

Båten låg inst i Høljarvegen i Nordvik, eit godt stykke frå hovudvegen mellom Lysefjorden og Fana.

– Det er rart at dei har funne den og fått ideen. Det er få hus i området og hamna er godt skjerma. Eg vil tru at dei har kome med båt og at dei stal den i løpet av fredag eller laurdag.

Mykje hærverk på kort tid

Wiik seier han har snakka med politiet i Fana og fått stadfesta at det er hans båt som er funnen på Krokeide, ikkje så mange hundre meter frå der den blei stolen frå.

– Dei var veldig hyggelege, men dei åtvara meg òg om at det var eit trist syn om bord.

Den eller dei som har stole båten har tømt brannslukkingsapparatet i båten, rive ut instrumenta, sett eit skrujern gjennom hovudbrytaren og kasta vekk eller stole kalesjen.

– Håper politiet får tips

Eigar fekk ein kort førstesesong med båten, ein Uttern D68 med 120 hk innandbordsmotor.

– Eg kjøpte båten i april og har brukt den mykje i sommar. Den har over 50 gangtimar sidan eg kjøpte den, og eg og ungane har hatt mykje glede av båten.

No ventar han til takstmann er klar for å reisa ut saman med vedkomande for å sjå på båten. Politiet ville ikkje flytta den frå staden, i tilfelle det var skade på skroget.

– Eg håper dei som har sett noko, eller veit noko, tipsar politiet. Eller at syndarane melder seg. Etter kva eg har forstått har dei allereie sikra seg ein del spor frå båten, seier Wiik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.