Lokal | 27. mars 2015

Eit val for framtida 2

Lesarinnlegg: Sveinung Stensletten (V) svarar ordførar og varaordføraren.

Eit val for framtida 2
Venstre vil laga gode overordna planar og gje færre dispensasjonar (ill.foto frå Halhjemsmarka: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 27. mars 2015 11:54

Eg har aldri vore i tvil om at ordføraren vil det beste for bygda og kommunen. Det er å finna målet, staka ut vegen fram dit, og så følgja den vegen til målet er nådd, eg er usikker på om ordføraren og hjelparane hans klarar. Ja-haldning og rask sakshandsaming i private reguleringssaker er bra det, men fører det oss til målet? Har me klare langsiktigemål og ein planlagd veg å gå, forutan vekst? For meg ser det ut som det for ofte kjem opp saker som kan tyda på det motsatte.

I debattinnlegget til ordførar og varaordførar sist veke stadfestar dei at målet er å «skapa ein attraktiv kommune for våre innbyggjarar og næringsdrivande». Det overordna målet delar me altså. Men kva er den beste vegen dit? Det hadde det vore interessant å få høyra meir om frå Frp og Høgre.

For Venstre handlar det mellom anna om å:

  • laga gode overordnede planar – gje færre dispensasjonar.
  • samarbeida, men samstundes stilla klare krav til utbyggjarane
  • ta meir omsyn til naboer i større byggesaker
  • setja innbyggjara føre utbyggjara
  • ha eit utvida miljøperspektivet som rettesnor i alle regulerings- og utbyggingssaker

Som eg nemde i det første innlegget, får me ein sterk vekst i Os same kven som styrer. Det handlar om å kunna styra denne veksten. Me må skapa oss eit klarast mogleg bilete av korleis Os skal sjå ut og opplevast om 20-30 år, og så leggja planar ut frå det. Derfor er det viktig at me i valkampen får eit godt ordskifte om framtida og vegen dit. Ein slik debatt er mykje meir utfordrande enn å debattera enkeltsaker. Enkeltsaker er viktige, for dei treff folk direkte – no. I denne samanheng nemner eg dei kun for å gje eksempel på saker eg meinar gir grunn til uro - Bjånes, Kuventræ,…. Tar desse vedtaka oss på rett veg i høve til det målet me ser ut til å vera samde om?

Ellers må ordføraren og varaordføraren ikkje uroa seg unødig. Os Venstre går ikkje for reint fleirtal og innføring av parlamentarisme i komande periode. Men kven veit kva framtida gir oss.

Sveinung Stensletten
Leiar i Os Venstre, 4. kandidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.