Lokal | 08. juli 2017

– Eit vanvittig gøy halvår

Terje Søviknes om overgangen frå ordførar til statsråd, om ikkje lenger å styra kvardagen sjølv, om å ha Erna Solberg som sjef og om eventuell retur til Os.

– Eit vanvittig gøy halvår
Terje Søviknes (Frp) om livet som olje- og energiminister (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 08. juli 2017 09:01

Tysdag 20. desember blei Terje Søviknes (Frp) presentert som ny olje- og energiminister i regjeringa til Erna Solberg. Heime på ferie i Os tok ministeren seg tid til ein prat med Midtsiden for å oppsummera det siste halvåret.

– Det har vore vanvittig gøy, men det er klart det blei ein brå start. Eg kjente på det å bli kasta på djupt vatn, noko som var skremmande og utfordrande, men likevel ein god følelse. Eg kjente at eg måtte yta mitt ytterste for å koma inn i fagområdet og bli ajour. Då var det jo praktisk at eg blei utnemd rett før jul, slik at eg fekk 14 dagar juleferie til å lese meg opp, seier Søviknes.

Ytterst profesjonelle

Ministeren gir embedsverket i Olje- og energidepartementet mykje skryt.

– Det sto jo eit enormt apparat tilgjengeleg då eg starta. Embedsverket er ytterst profesjonelle og kom med all den informasjonen eg trengde. Det var berre å prøve å absorbere mest mogleg.

Til si teneste har han mellom anna ei kommunikasjonsavdeling med fem personer, to statssekretærer og ein politisk rådgjevar.

– Fagfeltet er nok eitt av dei mest spissa av departementa og eitt av dei som kanskje ikkje direkte berører folk flest. Det er ikkje så mange forbrukersaker, men det har ekstremt mykje å seie for AS Norge og velferden vi har.

– Difor var det første eg ba om då eg skulle halde mitt første foredrag eit foilsett med bileter frå barnehager, skuler, eldreomsorg, forsvar og infrastruktur som veg og jernbane. Inntekten bransjen skaper er med på å byggje velferden i landet. Det ønskja eg å få fram, forklarer Søviknes.

Måtte gje slepp

Med eit så stort apparat rundt seg blei det også praktiske omveltningar for den tidlegare ordføraren.

– Som ordførar var eg vant med å styre kalenderen min sjølv, eg laga talane, foredraga og foilsetta sjølv, eg bestilte billetter og ordna ting sjølv.

– Med det apparatet som sto klart for å sørve statsråden måtte eg berre gje slepp på alt. Plutseleg var det andre som styrte kor eg skulle vera til ein kvar tid. Det var litt vanskeleg i starten, innrømmer han.

På reise 3-4 dagar i veka

Det har blitt mykje reising på den ferske ministeren.

– Vi har lagt opp til tre fire dagar i veka ute av kontoret. Det har vi stort sett klart. Det er jo der ute det skjer. Eg har gjort meg ein observasjon nettopp på dette. Ein tenkjer jo gjerne at statsråder er veldig fjernt frå folk, men gjennom å besøke bransjen ulike stader opplever eg at det fortsatt er mogleg å vera nær folk, noko som er viktig for meg.

– Ein god leiar

Som statsråd møter Terje Søviknes kvar fredag klokka 11 Kongen i statråd.

– Det opplever eg som ei høgtidsstund. Det er der avgjera formelt sett blir fatta, sjølv om det i praksis er avgjort på førehand, men det er er ein eigen høgtidleg formalitet over det. Du kjenner på ansvaret du sit med i ei slik setting.

Søviknes fortel at statsrådskollegiet jobbar godt saman.

– Mange av dei viktige avgjera blir fatta i kollegiet. Vi jobbar innan kvar våre fagfelt, men det meste blir forankra i regjeringskonferansen.

– Korleis er det å ha fått Erna Solberg (H) som sjef då?

– Erna er veldig god som leiar. Trass i at ho har vore 28 år i rikspolitikken, så har ho framleis ein fantastisk evne til å setta seg inn i vanlege folk sin stad. Som leiar er ho veldig inkluderande. Beslutningsprosessane, der heile kollegiet får delta i å fatta avgjerda, gjer det ekstra interessant å vera statsråd.

Saknar osingane

På spørsmål om kva han saknar mest etter å ha blitt statsråd er han ikkje i tvil.

– Folka og tida ute på Os. Det å møte osingane. Det er mange som tek kontakt no også, men den nære relasjonen til osingane er nok det eg saker mest.

– Kva om valet ikkje går dykkar veg då?

– Då er eg tilbake på Os, så enkelt er det.

– Kva om valet går vegen og de får fornya tilliit i regjering, held du fram som statsråd?

– Går det vegen er det ikkje gitt at eg at eg forsetter. Då må eg ta ei ny vurdering saman med dei på heimebane, med partiet lokalt på Os og ikkje minst med Erna og Siv. Men det er ikkje noko eg bruker krefter på no. No er det full fokus på valkampen, som for min del blir ein ny form for valkamp kor eg i større grad skal ta del i det nasjonale ordskiftet og kor det store bilde står i fokus heile vegen. Eg håper det blir ein partipolitisk debatt mellom meg og dei andre partia, og ikkje slik som det er i dag, ein debatt mellom meg og miljøorganisasjonane. Det frustrerer meg litt at dei andre partia, kanskje med unntak av MDG, er så fråverande i debatten. Det er kanskje ikkje rart når ein ser den strekken som er i Arbeiderpartiet, både på landsmøte og LO-kongressen. Dei veit vel ikkje heilt kva dei skal meine, avsluttar Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.