Kultur | 25. okt. 2016

– Eit veldig bra publikum

Osingane og Oseana får skryt etter to dagar med Norske Talenter. Elevar frå Lunde og Nore Neset fylte salen.

– Eit veldig bra publikum
Bjarne Brøndbo, Mia Gundersen, Solveig Kloppen, Suleman Malik og Linn Skåber på Oseana (foto: Vidar Langeland)
Andris Hamretirsdag 25. okt. 2016 08:16

Bildeserie:

Victoria og Linnea var imponert over talenta (foto: Andris Hamre)
Victoria og Linnea var imponert over talenta (foto: Andris Hamre)
1 av 1
Victoria og Linnea var imponert over talenta (foto: Andris Hamre)

48 talenter har fått vist seg fram for dommarane Bjarne Brøndbo, Mia Gundersen, Suleman Malik og Linn Skåber i løpet av søndag og måndag i Oseana.

– Det har vore masse flinke talenter og ikkje minst eit heilt strålande publikum, som har trøkt til og bydd på seg sjølv, oppsummerer Katrine Wergeland, presseansvarleg frå TV2.

Fantastisk og veldig gøy

Blant publikummerane måndag førmiddag fann ein 60 elever frå 7. trinnet på Nore Neset barneskule og 6. og 7. trinnet på Lunde barneskule.

– Det var heilt fantastisk og veldig gøy å sjå kor flinke dei ulike talenta var. Det var mykje forskjellig, men tøffast var han som beatboxa, fortel Linnea og Victoria frå Nore Neset på veg ut frå salen.

Blåst av banen

Wervelend fortel at Oseana igjen har levert som produksjonslokale.

– Vi visste jo kva vi fekk, etter at vi var her ute sist, men igjen har både huset og dei som jobbar her levert. Her har vi alt vi treng og meir til.

– Dei som har kome over frå austlandet for å vera med på produksjonen har jo i tillegg blitt blåst heilt av banen når dei har sett utsikta her, avslutter Wergeland med eit smil.

P.s. Sendingane frå Norske Taalenter startar på nyåret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.