Lokal | 04. juni 2014

– Eit veldig spennande oppdrag

Arkitektane som skal teikne skissene til kollektivterminal og parkeringhus på Osøyro gler seg etter befaring onsdag.

– Eit veldig spennande oppdrag
Svein Kronhaug frå Link Arkitektur saman med ordførar Terje Søviknes under befaringa onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 04. juni 2014 09:24

Bildeserie:

Korleis kombinera den nye terminalen med taxibua og rådhuset er ei av utfordringane arkitektane har (Foto: Andris Hamre)
Korleis kombinera den nye terminalen med taxibua og rådhuset er ei av utfordringane arkitektane har (Foto: Andris Hamre)
1 av 1
Korleis kombinera den nye terminalen med taxibua og rådhuset er ei av utfordringane arkitektane har (Foto: Andris Hamre)

Onsdag inviterte ordførar Terje Søviknes (Frp), varaordførar Marie Bruarøy (H) og leiar for prosjekt Liv på Øyro, Fredrik Seliussen, representantar for dei tre arkitektkontora Cubus, Link og ABO til møte og synfaring før dei går i gang med å teikne forslag til ny kollektivterminal og parkeringshus på Osøyro.

Dei tre selskapa er invitert av kommunen til å delta i ei avgrensa arkitektkonkurranse.

– Det er eit veldig spennande oppdrag.

– Den største utfordringa blir nok å kombinera dei trafikale utfordringane med det estetiske.

– I tillegg har jo Os høge ambisjonar for bygget, fortalde arkitektane under synfaringa.

Eit eksempel for andre

Ordførar Terje Søviknes dempa ikkje forventningane til arkitektane under synfaringa.

– Om folk frå andre plassar i landet kjem til Os for å sjå på løysningane så har vi lykkast.

– Det viktigaste er at det fungerar optimalt i høve trafikkavvikling, men også det estetiske er viktig for oss.

– Bygget blir sentralt og skal vera eit generatorbygg inn mot bydraget, det må de ta omsyn til, presiserte Søviknes.

– Finns det noko tilsvarande andre plassar?

– Det gjer det nok, men ikkje i Noreg, smilte ein litt løyndomfull Øyvind Bugge frå ABO Plan & Arkitektur.

Kor dei skal henta inspirasjonen frå var det ingen av arkitektfirma som ville røpa verken for pressa eller konkurrentane.

Frist for å levera bidraga er satt til 15. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.