Russen var med på å skapa stemning i 17. maitoget i Os sentrum i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

FOR eit vêr - FOR eit tog!

Sjå stor bildeserie frå dagens hovudprosesjon gjennom nye Os sentrum!

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Frå Os ungdomsskule klokka 11.45, via Finnebrekka og Lurane, inn Brugata forbi uteserveringa til Hanne's og vidare forbi Torget med «Osroso» og nye Havnechefen, opp Øyro på ny brustein frå Portugal - og inn på ei tettpakka Kyrkjeflaten.

Hovudprosesjonen i Os sentrum gjekk i strålande sol gjennom eit nyopprusta sentrum, der publikum sto så tett at det var vanskeleg å skilja mellom kva som var tog og kva som var publikum.

• Midtsiden sendte toget direkte via Facebook.com/Midtsiden (sjå opptak, som ligg ute) både frå Finnebrekka og Os sentrum.

Med ordførar Marie Lunde Bruarøy, Stine Kobbeltvedt frå kultureininga og 17. maikomiteen, og politioverbetjent Audun Hadler-Olsen i tet, etterfølgd av korps, barnehagane, barneskulane Kuventræ og Os, lag og organisasjonar - og russen, blei det ein flott parade. Det er, som komiteen sa då dei sleppte programmet, plass til meir musikk i toget. Men betre vêr og betre stemning kunne osingane ikkje ønskt seg.

Midtsiden kjem tilbake med bilde og video frå talar og song på Kyrkjeflaten - og frå den komande jazzkonserten på Oseana.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nesten vellykka pågriping

22. september 2017

Midtsiden var med heimevernet då ei gruppe «uønskt personell» skulle arresterast.

bilde-midtsiden

Hadde motorsag med på scenen

22. september 2017

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

bilde-midtsiden

Vi hevder oss bra

21. september 2017

Leserbidrag: Rosjef Eirik Vevatne oppsummerer Ungdomsmesterskap og Ulvenregatta.

bilde-midtsiden

– Ikkje rart barn mobbar

21. september 2017

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.