Lokal | 07. juni 2016

Eitkvart samfunn treng symbol

Lesarinnlegg: Osingane bør sjølv ta vare på dei bygga som har ein verdi. Vi har sanneleg ikkje mange av dei!

Eitkvart samfunn treng symbol
«No er eg komen heim» tenkjer Håkon Lepsøy når han rundar Jordmorsvingen og ser Fjellheim. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. juni 2016 20:30

Først vil eg få takka Olav Søfteland for hans innlegg i Os & Fusaposten om Fjellheim tidlegare denne veka. Han minner oss om at det forpliktar å vera ei kulturbygd.

Som utflytta osing vil eg gjerne få vera med for å forklara kva visse symbol betyr for oss som er heima på Os kanskje eit par gonger i året.

Eitkvart samfunn treng ulike symbol. Kvifor vil italienarane behalda det skeive tårnet i Pisa, tru? Fordi det er funksjonalistisk? Eller vakkert? Eg trur at det er fordi det betyr noko for menneske.

I tillegg til Fjellheim er fotballaget til Os Turnforening symbol som betyr ganske mykje for meg. Det er ikkje nødvendigvis fordi eg spelte fotball i gult og svart for meir enn 50 år sidan.

Når det gjeld Fjellheim så betyr det noko når eg kjem køyrande frå nord og rundar Jordmorsvingen og ser trygge Fjellheim på plass oppe til høgre. Då kjenner eg at «no er eg komen heim». Det er ikkje det same med bensinstasjonen lengre nede i bakken.

Hausten 1954 gjekk eg på Bergens Handelsgymnasium. Delar av Bryggen hadde brent ned. Læraren organiserte ei avstemming i klassen om kva som no burde skje med Bryggen. I klassen var det stort fleirtal for å fjerna «rukkelet» og bygga noko moderne.

Sjølsagt kan knapt nok Fjellheim samanliknast med Bryggen i forhold til kulturverdi, men for meg ligg det i same kategori.

Dei folkevalde i Os burde stilla sterkare enn ein gjeng med gymnasiastar. Osingane bør sjølv ta vare på sine bygg som har ein verdi. Vi har sanneleg ikkje for mange av dei!

Kristianstad/Skåne, 7. juni 2016
Håkon Lepsøy

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.