Lokal | 01. jan. 2016

Ekerhovd fekk nyttårsbarn

På sin eigen bursdag måtte Vegard følgja Kari til klinikken – litt over midnatt fekk dei ei dotter!

Ekerhovd fekk nyttårsbarn
Farmor Berit Bakervik Ekerhovd med det nye barnebarnet, Astrid Marie. Storebror Øystein Mikal i bakgrunnen, foreldra Vegard og Kari til høgre. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. jan. 2016 21:04

Kari Flatjord og Vegard Bakervik Ekerhovd fekk ei dotter klokka 00.42 i natt.

– Vi var ikkje først i Bergen, men eg trur vi var nummer to, seier Vegard, som uansett er far til årets første osing.

Paret har sonen Øystein Mikal (3,5 år) frå før.

– Han er oppkalt etter far min. Dottera vår vil vi kalla opp etter nokon i Kari sin familie, ho får nok namnet Astrid Marie.

I rakettfart

Det var framleis fyrverkeri i Bergen då Astrid Marie kom til verda.

– Vi hadde ikkje termin før 12. februar, så vi var litt urolege då vatnet gjekk onsdag.

Torsdag blei fødselen sett i gang.

– Vi blei ufatteleg godt mottatt på klinikken. Dei tilsette var veldig flinke til å forklara og til å få oss til å slappa av.

Alt gjekk bra med mor og barn og Astrid Marie var 47 cm og 2565 gram.

– Sikkert kjekt med tidleg bursdag

Det var Vegard sin bursdag onsdag, då paret brått måtte på klinikken.

– Du var nær på å bli nyttårsbarn sjølv, men enda med å få bursdag seint på året. Korleis har det vore?

– Det har alltid vore bånn i bøtta, seier Vegard og ler. – Sistemann til å få lappen og sistemann til å koma inn på Madammen, nei, Astrid Marie får det heldigvis lettare, seier den stolte tobarnsfaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.