Sport | 21. jan. 2013

Eksotisk fangst ved Strøno

Brørne Philip og Marcus var på jakt etter torsk, men fekk ein fisk bygd for varmare vatn i garnet.

Eksotisk fangst ved Strøno
Philip med multa han, broren og faren fekk i garn utanfor Flatøya og Forstrønen søndag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. jan. 2013 08:10

Søndag var Philip og Marcus og drog garn saman med pappa Erik Walden.

Brannmannen fekk to torsk i garnet før jul og var i går på jakt etter same art.

– Det blei ikkje torsk på oss, men ein fisk eg ikkje har sett før sto i starten av garnet, fortel Erik.

Han måtte heim og sjå i leksikon for å finna ut kva fisk det er.

– Det viser seg at det er ei multe, ein fisk som er viktig matkjelde i Middelhavet, og som av og til går i kaldare strøk nord til Bergen.

Tannlaus middagsmat

Multe, eller mullet fish (lat. mugilidae), finnest i rundt 80 artar.

Tre av dei er observert i Noreg før, to av dei er ganske sjeldan, medan den Walden fekk i garnet er den mest vanlege.

Arten er tannlaus, har to ryggfinner, den fremste med nokre piggar på.

Fisken Walden fekk var 46 cm lang og vog rett over eit kilo.

– Den kan bli rundt 60 cm lang, seier Erik, som har plan om å eta fisken til middag.

Fisken blei tatt på garn utanfor Flatøya, som ligg mellom Kuskjæret og Alholmen utanfor Ervikane.

Les òg:
Fekk blekksprut i hummarteina
Fekk uvanleg fisk
Fekk månefisk i garnet

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.