Næringsliv | 18. sep. 2014

Ekte dokker?

Leiinga på Amfi Os er alltid på jakt etter å prøva nye ting. Det har resultert i at ein kan få sjå levande utstillingsdokker på senteret på Supertorsdag.

Ekte dokker?
Ekte utstillingsdukker. Eller? (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtorsdag 18. sep. 2014 14:17

Bildeserie:

Slik ser Maja og Håvard ut med eigne klær og utan parykkar. (Foto: KML)
Slik ser Maja og Håvard ut med eigne klær og utan parykkar. (Foto: KML)
Antrekket skal velgast ut. (Foto: KML)
Antrekket skal velgast ut. (Foto: KML)
Antrekket skal velgast ut. (Foto: KML)
Antrekket skal velgast ut. (Foto: KML)
1 av 3
Slik ser Maja og Håvard ut med eigne klær og utan parykkar. (Foto: KML)
Antrekket skal velgast ut. (Foto: KML)
Antrekket skal velgast ut. (Foto: KML)

– Vi prøver alltid å fornya oss, men det er ikkje lett å kome på nye ting heile tida, fortel senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Då er det ikkje dumt å få innspel andre stadar i frå.

- Vi fekk faktisk eit tilbod frå eit byrå i Oslo, SB Produksjoner, om vi kunne tenka oss å bruka levande utstillingsdokker, og fant ut at det passa fint no når vi har Trenddager på senteret.

Tøsdal har fått tak i to modellar, ei jente som skal kles opp av Baretti og ein gut som får på seg antrekk frå Zeller.

Håpar å overraska

"Dokkene" Tøsdal har booka heiter Maja og Håvard, begge tilreisande frå Oslo for anledninga.

Begge har modelljobbinga som ei biintekt og tykkjer ikkje det er noko problem å stå fleire timar i ro.

– Det varierer kva vi får i oppdrag, nokre gonger får vi beskjed om å snakka med kundane, medan andre gongar står vi heilt i ro, fortel Håvard.

– Her skal dei stå i ro heilt til dei må byta stilling, og då håpar eg fleire blir overraska over at dei ikkje er ekte dukker, seier Tøsdal.

Ikkje noko problem å stå i ro

Maja og Håvard fortel at det er blitt meir og meir bruk av levande utstillingsdokker og seier at det vekker større oppmerksemd blant kundane.

– Folk blir nysgjerrige og det gjev nok ofte eit betre inntrykk av klærne å sjå dei på ein ekte kropp enn ei dokke, fortel Maja.

Å stå meir eller mindre rett opp og ned i fire timar i strekk ser ikkje dei to på som noko problem.

– Det er artig når folk kjem bort og lurer på om vi er dokker, nokre gonger kjenner dei på oss for å finne ut om vi er ekte eller ikkje.

Utstillingsdokkene Maja og Håvard kjem til å stå på Amfi Os fram til klokka 19:00 torsdag 18. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.