Elin, Tor, Susan og Henrik på plass i Kiev. (Privat foto)

Ekte TorTur i Kiev

To ektepar frå Os fekk med seg Eurovision-finalen i Kiev. For «turarrangør» Tor blei det ekstra stas!

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Då Noreg låg på 5. plass under stemmegjevinga var stemninga i taket i den norske leiren i International Exhibition Centre i Kiev, ikkje minst hos to ektepar frå Os.

– Tor har vore veldig opptatt av Grand Prix i fleire år, han har til og med dressa seg opp for å sjå den på TV. Denne gong klaffa det endeleg sånn at han fekk sett finalen live, seier kona Elin og ler.

Tor Slettebakken frå Os jobbar for tida i Ukraina, og var ikkje sein med å organisera tur for kona og veneparet Susan og Henrik Askvik då han forsto at finalen var innan rekkevidde.

– Vi har reist mykje på tur i lag, og det plar alltid vera Tor som organiserer. Han kallar det TorTur, fortel kona, som fekk ei lang liste over ting ho måtte pakka ned.

– Finstasen høyrer med, og så er han ein racer på å kle seg ut, så parykk sto naturlegvis på lista. I tillegg ville han ha norske flagg og svenske flagg, i tilfelle Noreg ikkje gjekk til finalen.

Overraska på flyplassen

Elin pakka alt på lista, men fekk med seg at Noreg gjekk vidare frå semifinalen før ho reiste, dermed kunne ho gi opp kampen om å få tak i eit svenskt flagg.

– Parykk kunne eg visst òg lagt igjen heime, for det hadde han fint klart å skaffa seg sjølv. Vi fekk beskjed om å ta taxi til hotellet, men på flyplassen sto Tor, ferdig utkledd, med ein stretch-limousine.

Askeladden-sjefen, revydronning Susan og foreldra til dei Osfest-aktuelle Kream-brørne Markus og Daniel fekk ein ekstravagant tur inn til Kiev, hotellet og konsertsalen.

Rett frå vorspiel i P4-intervju

Reisefølgjet frå Os fekk eit svært godt inntrykk av både byen Kiev og sjølve Eurovision-arrangementet.

– Det var eit sirkus, med Tor og ein haug med jålebukkar, morosame menn som kunne alle tekstane og song med frå låt til låt med full innleving, fortel ei lattermild kone.

– Men det var veldig godt organisert og veldig god stemning i salen!

Dei kom rett frå vorspiel og hadde akkurat vore gjennom sikkerhetssjekken då dei blei huka inn av P4 for intervju.

– Vi blei beden om å synga det norske bidraget, men heile greiene kom brått på, så vi kom ikkje på korleis låta var. Men det var ein kar der frå Ukraina trur eg, som byrja å synga den norske nasjonalsongen, så då stemte vi i så godt vi kunne.

Her kan du sjå videointervjuet P4 hadde med osingane (P4 på Facebook).

Vann for første gong

Det norske bidraget, «Grab the Moment/Grip øyeblikket» av JOWST, klarte ikkje å halda på 5. plassen, men landa på 10. plass. Den 62. utgåva av Eurovision Song Contest enda med siger til Salvador Sobral, som representerte Portugal med låten «Amar pelos dois», framført på portugisisk. Dette var Portugal sin første siger. Bulgaria kom på 2.plass, Moldova på 3.

– Det var ei spesiell og fin oppleving, og ekstra kjekt for Tor! Vi gler oss til neste TorTur, men den går nok ikkje til ein Eurovision-finale.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Det kryr av talent her

28. juni 2017

Bildeserie: – Og det dukker stadig opp nye, seier friidrettsnestor Jan Borgen om årets friidrettsskule på Kuventræ.

bilde-midtsiden

Brann i takkonstruksjon

28. juni 2017

Brannvesenet rykte ut på melding om brann i takkonstruksjon på eit nybygg i Storestraumen.

bilde-midtsiden

Kva skal OBEAS driva med?

28. juni 2017

Generalforsamling i Os bygg og Eigedom AS. Formannskapet etterlyste tydeleg strategi for selskapet.

bilde-midtsiden

Speler finale i Sør Cup

28. juni 2017

Lysekloster/Nore Neset stiller med fem lag i Sør Cup. Gutar 14 speler B-finale i dag.

bilde-midtsiden

No kan du velja sjølv!

28. juni 2017

Lesarinnlegg: Alle pasientar som har rett til rehabilitering, kan no frå 1.juli velja fritt mellom offentlige og private...

bilde-midtsiden

Lager opningsfest for takterrassen

27. juni 2017

Takterrassen på Torget har fått eige namn. Med levande musikk, sjømatbuffet og nyutdanna barsjef blir det offisiell opning til helga.