Lokal | 25. okt. 2016

Elbil knust av stor hjort

Ein bil kolliderte med ein hjort på Ulvensletta tysdag morgon.

Elbil knust av stor hjort
Bilen blei knust i front då den køyrde på ein stor bukk på Ulvensletta tysdag morgon. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. okt. 2016 06:58

Tysdag i 8-tida fekk politiet melding om påkøyrd hjort på fv 160 over Ulvensletta.

Ulykka skjedde i dumpen mellom Ulven leir og flystripa på Vaksinen, bilen skal ha hatt retning frå Skeie mot Kolskogen.

– Det skal ikkje ha vore noko personskade i samband med ulykka, seier politiet.

– Ein stor bukk

Viltkontakt Espen Andersen blei varsla av både vitne og politi tysdag morgon.

– Eg er på staden no. Det er bra at ingen blei skadd, eg har ikkje sett ein så knust bil etter hjortepåkørsel sidan den på Moberg for ein del år sidan.

Bilen, ein Nissan Leaf, er svært skadd i fronten.

Det gjekk ikkje bra med hjorten heller, den døydde på staden.

– Det var ein stor bukk, fortel Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.