Annonse

Annonse

midtsiden

Elevar i nasjonalbåt

oselvar, oselvaren, oselvarnaustet, oselvarlaget, hallgeir bjørnevik

oselvar, oselvaren, oselvarnaustet, oselvarlaget, oseana
oselvar, oselvaren, oselvarnaustet, oselvarlaget, hallgeir bjørnevik
oselvar, oselvaren, oselvarnaustet, oselvarlaget, hallgeir bjørnevik
oselvar, oselvaren, oselvarnaustet, oselvarlaget, hallgeir bjørnevik

To dagar før Oselvarfestivalen var det Oselvardagen for 9A ved Nore Neset skule.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, august 26, 2010 - 12:55

Laurdag er det Oselvarfestivalen, i dag fekk elevar frå Nore Neset oppleva Oselvardagen.

Historietime, styrbord- og babord-årer, knutar og stikk, i dag var det 9A ved Nore Neset skule sin til til å få teoretisk og praktisk kunnskap om nasjonalbåten oselvar.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

- To av dei første vekene i skuleåret går med til å ta imot niandeklassingane frå ungdomsskulane i Os, fortel Hallgeir Bjørnevik frå Oselvarlaget.

- Dette har vore fast innslag for dei rundt 250 niandeklassingane i Os i cirka 10 år. Det er fint å vera med på å vidareføra litt kunnskap om oselvaren og den generelle båttradisjonen som er ein så viktig del av identiteten til mange osingar.

Lurte ikkje elevane
Båtbyggar Bjørnevik brukte både eventyrforteljing og lurespørsmål då han delte kunnskapen sin med elevane.

«Kva type plast er oselvaren bygd av?» og «kor lange nåler er det på eik, som kjølen på oselvaren er bygd av?». Ingen beit på, elevane var tydelegvis førebudde.

- Vi har laga eit hefte som skulane har fått så elevane lærer litt om oselvaren på førehand.

Kjekt å knyta
Etter å ha høyrt om historia til oselvaren og fått litt praktisk innføring blei klassen delt i to. Medan nokre var ute og rodde og segla var resten inne for å læra om knutar.

- Ei jente frå Søfteland har den uoffisielle verdsrekorden i å knyta pålestikk, den er på 1,8 sekund, fortalte Hallgeir.

- Det er litt kjedeleg og litt kjekt. Å læra om knutar er ineteressant, synes Kristoffer Røttingen Skår.

Aurora Forstrønen og venninnene var veldig engasjerte med tauet.

- Dette var gøy, seier dei, før Hallgeir roper «klar-ferdig-gå».

Jentene var raskast med pålestikket, men ikkje alle fekk knuten sin godkjent.

«Pass på så ikkje det blir kjerringknute», åtvara Bjørnevik.

VIDEO: Sjå film frå Oselvardagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Hjem

Ansvarlig redaktør: Kjetil Vasby Bruarøy.
I redaksjonen: Andris Hamre.
TIPS OSS PÅ MOBIL/SMS/MMS:
+ 47 90 78 92 70
+ 47 47 90 61 11