Dina Midthun er utplassert hos Peppes Pizza denne veka. Der liker ho seg godt. (Foto: Tara Bøe)

Elevar prøver seg i arbeidslivet

Elevar frå Nore Neset ungdomsskule er denne veka utplasserte i arbeidspraksis hos ulike bedrifter. Vi har snakka med tre av dei.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tekst og foto: Tara Bøe, på arbeidsveke hos Midtsiden

Denne veka er alle dei nesten 60 elevane i niande trinn ved Nore Neset ungdomsskule ute i arbeidslivet.

Underteikna er i Midtsiden-redaksjonen, der eg både har vore på reine fotooppdrag og ute i felten for å intervjua medelevar om oppgåvene dei får og kva inntrykk dei har fått av yrket dei får bli betre kjent med denne veka.

Dina på Peppes

Dina Midthun valte å søkja plass hos Peppes Pizza på kaien i Os sentrum. Ho angrar ikkje.

– Grunnen til at eg valte Peppes var at broren min jobbar her, og eg ville sjå korleis det er å jobbe med mat.

– Eg har tatt oppvasken, bretta serviettar rundt bestikket, fått rømmedressing i glas, kutta grønsaker, og eg har kutta pizza.

Dina seier ho godt kunne tenkt seg å jobba vidare på Peppes.

– Å jobba ettermiddag og kveld passar bra. Eg synest òg det er kjekt å servera. Yrket verkar ikkje så vanskeleg og til no har det vore veldig gøy å vera her.

Hanne på biblioteket

På Os folkebibliotek i Holtbrekka møtte eg Hanne Moore. Bibliotekaryrket har ikkje overbevist ho noko særleg.

– Eg ryddar for det meste i bøkene, men eg har òg tatt imot litt innlevering.

– Eg valte å jobba på biblioteket i arbeidsveka, fordi eg liker å lesa, og eg tenkte at det var avslappande å vera her. Men eg trur ikkje eg ville ha jobba her, det blir litt rolege dagar.

Charlotte hos Borg Vêr

Charlotte Torreon Oksnes fekk jobb hos herre- og damemotebutikken Borg Vêr i Os sentrum. Ho liker butikkyrket svært godt. 

– Eg brettar og legg på plass klede, og eg ryddar, men eg får òg hjelpa kundane og stå i kassen, fortel Charlotte.

– Eg liker orden og eg liker mote og det å stå i butikk, derfor valte eg å søkja her først. Dette er eit yrke eg kune tenkt meg seinare òg. Det er gøy og eg føler at eg får det til.

Vi prata også med Jeanett Borgen Kallekleiv, Charlotte sin arbeidsgjevar og eigaren av Borg Vêr.

– Kva oppgåver får eleven?

– Rydding og vasking, for det meste. Det kjem an på eleven som er her, kva oppgåver vedkomande får, men Charlotte har òg fått opplæring i kassen og nettbutikken.

På Borg Vêr er det to ungdomar og éin vaksen som jobbar, utanom Jeanett.

– Eg syns det er viktig at dei som jobbar her tar initiativ, at dei er sosial og positiv, og helst at det å yta service og å selja kjem naturleg for dei.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.

bilde-midtsiden

Betaler millionar til Bergen

21. september 2017

68 ungar frå Os går i barnehage i Bergen, noko Os kommune betalte 4,7 millionar for i første halvår 2017.

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.