Elias og Ole frå Nore Neset fekk med seg batmobilen som var i Bergen søndag kveld. (Privat foto)

Elias og Ole fekk full klaff med batmobilen

Då Team Galag sin Snow Tour likevel ikkje kom gjennom Os, reiste klassekameratane frå Nore Neset til Bergen.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ei lang rekkje dyre og raske bilar i Team Galag køyrer i desse dagar rundt Sør-Noreg for å testa vinterføret og for å sjå norsk natur.

• Les meir om tuneen på sviddgummi.no

Turen frå Haugesund til Bergen var venta å gå gjennom Os, men Svein Erik Henne tok i staden sonen Ole og kameraten Elias, som går i 2. klasse, med til Bergen.

– Eg sa vi skulle sjå på nokre tøffe bilar, men nemnte ikkje batmobilen. Eg ville ikkje skru forventingane i taket i tilfelle vi ikkje møtte kortesjen, seier Svein Erik, som tilfeldigvis oppdaga at Snow Tour var på Vestlandet.

Blei «parkert» - kom fremst i køen

Då Svein Erik aldri fekk greie på kva ferje Team Galag ville koma med, bestemte han seg for å reisa til Bergen. Der hadde fleire hundre samla seg for å sjå superbilane og møta youtubarane i følgjet.

– Mange av dei er tenåringar, og då eg spurde kvifor det ikkje var oppdateringar frå turen på Facebook fekk eg eit svar som òg slo fast at ein mann i 40-åra byrjar å bli gamal; «det er på Instagram det skjer», seier Svein Erik og ler.

Ungdomane var oppdaterte. Gutane frå Os sette seg på Burger King for å varma seg mens dei venta. Så høyrde dei lyden av V10-motorane og kom seg ut i vegen forbi Kløverhuset.

– Det var tøffe porschar, BMW-ar og audiar, men det var batmobilen eg var på jakt etter. Den kom lengre bak. Tilfeldigvis blei eg ståande så eg fekk med meg kvar den skulle parkera.

Eigar inviterte «om bord»

Ole og Elias blei ståande heilt inntil bilen då den stoppa.

– Eg forsto det sånn at det var sjeiken som eig bilen som var der, og han var veldig hyggeleg. Med det same han kom ut av bilen spurde han om gutane ville prøvesitja den. Dei klatra om bord og det såg ut til å vera ei stor oppleving!

– Eg veit ikkje kor mange andre som fekk sitja i bilen, men gutane var uansett svært nøgde med opplevevinga!

• Den første batmobilen, frå 60-talet, blei i 2013, ifølgje The Telegraph, selt for 4,2 millionar dollar.

• Batmobile 2.0 er bygd av Saudi Arabia sitt Team Galag, les meir om bilen på digitaltrends.com