Sport | 16. feb. 2015

Elitelaget fekk plass i ny eliteserie

Dei beste gutane i Os skal få rikeleg med matching i år. Til no har dei takla tøff motstand svært bra.

Elitelaget fekk plass i ny eliteserie
Os G16 elite har vunne tre tøffe treningskampar på rad og er klare for regional eliteserie. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. feb. 2015 14:42

Bilde av elitetroppen, oppe frå venstre: Bjørn Bakke, Thomas Blomberg, Jonas Hovland, Tobias Borgen, Joakim Forstrønen, Ludvig Drange, Fabian Bødtker, Marius Vernøy, Mathias Nystad, Magnus Sund, Adrian Fimreite, John Ole Johannessen og Chris Kytiri. Nede frå venstre: Carl Otto Curran, Fredrik Haustein, Fabian Reiertsen, Andreas Kytiri, Glenn Hjelle, Martin Sjøbø, Endre Nordtvedt, Kristoffer Brekke og Lasse Styrvoll. I troppen, men ikkje på bildet: Bjørnar Rusås.

Os Fotball har tatt ut ein elitetropp på 20 spelarar fødd i 1999 og 2000. Som trenar har dei fått Bjørn Bakke.

Bakke hadde to veldig gode sesongar med juniorlaget til Os for 7-8 år sidan, saman med Einar Nytræ, og har no med seg nyleg avtroppa Os-spelar John Ole Johannessen og Chris Kytiri i trenarteamet.

– Det er ein fantastisk gjeng å jobba med, både trenarane og spelarane. Ungdomen er nett som i gamledagar, med godt humør og tett mellom røvarhistoriane i garderoben etter trening, fortel Bakke.

Nyleg har laget fått plass i den nye «eliteserien» som Madla i Stavanger har tatt initiativ til.

Møter dei beste frå heile Vestlandet

Den regionale eliteserien består av dei beste gutelaga i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder. Frå Hordaland sto opprinneleg Åsane, Sædalen og Fyllingsdalen som einaste lag i eliteserien.

– Vi spurde om å få plass og då Fyllingsdalen trekte laget sitt sto det om Os, Sotra og Fana.

Os har i vinter slått Fyllingsdalen 3-2 og Fana 3-0 i treningskampar. Søndag slo dei Stord 3-2.

– Os fekk plassen og rett etter første NM-runde, som vi speler 12. mars mot vinnaren av Bjarg og Bremnes, skal vi til Stavanger for å møta Hinna og Vard i regional eliteserie.

Fleire cupar – fleire spelarar

Os gutar elite skal spela i 1. divisjon i serien og delta i Norway Cup i juli og HamKam Talent Cup i haust, ved sidan av NM (Adidas Cup) og eliteserien.

– Det skal bli mykje matching, men vi har også mange å ta av. Klubben stiller i år med tre gutelag, ved sidan av G16 elite har vi G15 elite og eit breddelag.

– Det er mange flinke og flittige spelarar også på dei to andre laga, så døra står open begge vegar gjennom sesongen. Det er vanskeleg å plukka dei 20 beste i denne alderen, og alt frå prestasjonar og skadar til fysisk vekst og utvikling, kjem til å spela inn på kven vi har med oss på G16 elite gjennom året, seier Bjørn Bakke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.