Sport | 22. nov. 2014

EM-bronse til Ina

Ina Grinheim leia 3-0 i semifinalen, men så kom ein skade, ei innhenting og kampen måtte avgjerast på ekstraomgang.

EM-bronse til Ina
Ina i semifinalen i EM. (Foto: Per A. Ringsby)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. nov. 2014 07:24

I VM i fjor blei det bronse, i EM året før klarte ho nesten å forsvara tittelen sin.

Då det i år var tid for EM igjen fekk Ina ein litt tøff start, men slo til slutt tyske Sonja Becker 7-4.

I semifinalen mot Madlen Dimitrova frå Bulgaria sto det 3-0 til Ina etter andre runde, men det heldt ikkje heilt inn.

Ina fekk seg ein tur i bakken og vrei foten sin. Kampen snudde og etter tredje runde sto det 4-4.

– I ekstraomgangen får Madlen Dimitrova nokre billige defensive poeng som avgjorde alt, fortel landslagssjef Gjermund Nesland.

Ina kan likevel reisa heim frå Slovenia med ein bronsemedalje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.