Landslagssjef Thorir Heirgeirsson har tatt ut Emilie Christensen til VM i Tyskland i desember (privat foto/NHF)

Emilie er tatt ut til handball-VM!

Thorir Hergeirsson overraska: Tar osingen Emilie Christensen (24) med til handball-VM i Tyskland i desember.

Av: Andris Hamre

Landslagsjef Thorir Hergeirsson presenterte tysdag formiddag troppen til VM i Tyskland i desember.

I forkant har det vore mykje diskusjon om kva keeperar han ville ta med seg, og om strek-kjempen Heidi Løke ville få plass etter at ho blei mor i sommar.

Hergeirsson har også hatt ein tradisjon med å overraska litt i uttaket, og i år kjem overraskinga frå Os.

Emilie Christensen, som gjekk til Larvik via Os, Fana og Glassverket er tatt ut som ei av sju bakspelarar.

Christensen starta karriera si i Oshallen, før talentet gjekk vidare til Fana. Der blei ho henta vidare til eliteklubben Glassverket, og i sommar til Larvik. Sjølv om ho no bur på Austlandet har ho i sommar og haust vore fleire gongar i Oshallen, kor ho har både sett Os-damene spele og hjelpt mor Signe på trening av Os J16/15.

Christensen har markert seg som ein sentral spelar både i Glassverket, og no seinare i Larvik, kor ho har styrt spelet frå midtback-plassen både i heimleg serie og i Champions League.

Emilie og resten av landslaget kan du sjå i Sotra Arena i Møbelringen Cup siste helga i november.

Her er troppen

Målvaktar:
Kari Aalvik Grimsbø, Györi Audi ETO (født 04.01.85) (Kampar/Mål: 159/001)
Katrine Lunde, Våg Håndball Elite (30.03.80) (265/003)

Bakspelarar:
Emilie Hegh Arntzen, Våg Håndball Elite (01.01.94 ) (058/072)
Emilie Christensen, Larvik HK (13.04.93) (000/000)
Helene Gigstad Fauske, FC Midtjylland (31.01.97) (002/001)
Veronica Kristiansen, FC Midtjylland (10.07.90) (099/310)
Amanda Kurtovic, CSM Bucuresti (25.07.91) (094/236)
Nora Mørk, Györi Audi ETO (05.04.91) (102/482)
Stine Bredal Oftedal, Györi Audi ETO (25.09.91) (141/315)

Kantspelarar:
Camilla Herrem, Sola HK (08.10.86) (211/567)
Marit Røsberg Jacobsen, Byåsen Håndball Elite (25.02.94) (011/021)
Stine Ruscetta Skogrand, Silkeborg-Voel KFUM (03.03.93) (051/077) (også bakspiller)
Sanna Solberg, TEAM Esbjerg (16.06.90) (097/160)

Linjespelarar:
Kari Brattset, Våg Håndball Elite (15.02.91) (013/030)
Vilde Ingstad, TEAM Esbjerg (18.12.94) (041/034)
Heidi Løke, Storhamar Håndball Elite (12.12.82) (174/650)