Lokal | 08. aug. 2014

”En god skole skaper muligheter for alle”

Lesarinnlegg: Per Olav Sørås med tankar om den pågåande arbeidskonflikten i skulen.

”En god skole skaper muligheter for alle”
Per Olav Sørås har tankar om kva som skapar den gode læraren (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 08. aug. 2014 10:57

Før valet hausten 2013 skreiv Erna Solberg på sin blogg eit innlegg med denne overskrifta, og i fjerde avsnitt skriv ho: ” Det viktigste vi kan gjøre er å sørge for at barna møtes av dyktige og engasjerte lærere. Grunnen til det er at ingenting betyr mer for elevenes læring enn gode lærere…..Alle elever skal møte en drømmelærer i klasserommet”

Eg er veldig einig med Erna Solberg i dette, men trur ikkje arbeidskonflikten vi no er oppi skapar motivasjon for dei lærarane Erna Solberg tenkjer på, eller motivasjon for rekruttering av dyktige studentar som vil inn å gløde for lærar yrket og bli dei nye ”drømmelærarane”. Det er trist og merkeleg at fokuset nok ein gong handlar om arbeidstid for lærarane i ny avtale mellom KS og organisasjonane! Dersom ein har lite kjennskap til yrket kan ein nesten få inntrykk av at lærarane har jobba for lite fram til no, og at dei no nektar å jobbe slik dei eigentleg skal! Dette er trist og skapar ikkje fleire dyktige og engasjerte lærarar, noko som eg er sikker på at alle foreldre ynskjer for sine barn!

Kva skaper så dyktige og engasjerte lærarar? Lærarar som opplever å bli sett for den jobben dei gjer av leiaren sin og av kollegaer, og deretter opplever å få positive tilbakemeldingar som verdsetter jobben dei gjer! Lærarar som får lagt til rette for samarbeidstid med kollegaer dei jobbar saman med slik at det kan lette arbeidet for å planlegge neste dag, neste veke! Lærarar som opplever gode team - møte med tydlege rammer og innhald, og at felles utviklingsarbeid er meiningsfullt, tidsfesta og gjennomført slik det er planlagt! Lærarar som i tillegg får tillit, fridom og ansvar, skaper motivasjon og engasjerte lærarar, og dette er med å dyktig gjere lærarane!

Eg meiner at den arbeidsavtalen vi har i dag er meir enn god nok, utfordringa har vært at mange kommunar og skular ikkje har klart å utnytte denne avtalen til skulen sitt beste! Det har mange stader blitt ein kamp om medbestemming, oppretthalde innarbeidde godar, i staden for å sjå kva treng vi sette av til felles tid for å utvikle oss som skule!

Innanfor ei slik ramme må den profesjonelle lærar sjølv kunne bestemme når, og kvar dei vil utføre resten av jobben! Resten av arbeidslivet går i motsatt retning enn skuleverket, med større fleksibilitet og bruk av heimekontor! Etter mange år i ulike rollar innanfor skuleverket er det klart for meg at ”drømmelæraren” er avhengig av stor fridom innanfor klare fastsette rammer!

Os, 8.august 2014
Per Olav Sørås

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.