Soloppgang sett frå Mobergsvikjo i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Endeleg sol!

Etter ei veke med frisk bris og mykje nedbør går vi ei skyfri helg i møte.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag morgon er det svak vind og nesten skyfri himmel over Os.

Etter ei veke med mykje regn, periodar også med kraftig vind, kan turgåarar og hummarfiskarar no sjå fram til ei helg med strålande haustvêr.

Både Yr og Storm melder lettskya fredag og skyfritt frå klokka 12 laurdag og ut søndag. 

Temperaturen skal halda seg på 8 gradar fredag og 10 gradar laurdag og søndag, og kan koma ned i 4 gradar natt til søndag.

Måndag er det meldt lettskya, men framleis opphaldsvêr og 9-10 gradar.

Vind og vasstand

Vindstyrken er venta å ligga på 3-5 m/s fredag, 2-3 laurdag til måndag, stort sett frå nord.

Det er flo klokka 11.53 i dag, og 00.03 natt til laurdag.

• Sjå tabell for flo og fjøre i Os på sehavniva.no.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på pent.no.

Regn frå tysdag

Nyt helga, for etter måndag kjem nedbøren igjen.

Frå tysdag og ut veka er det meldt regn frå morgon til kveld ...

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.