Sport | 25. aug. 2016

Endene har aldri vore meir populære

Laurdag skal det droppast over 1500 plastender i Oselvo. I fjor blei vinnar-anda selt 20 minutt før starten på Os Handball sitt andeløp.

Endene har aldri vore meir populære
F.v.: Vibeke Ingebrigtsen, Marte Øvreeide, Stina Sørstrønen og Asha Christin Kumar på dugnad for å sortera andungane før løpet laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. aug. 2016 12:00

For tredje år på rad arrangerer Os Handball den noko spesielle trekninga av lotteriet der du, ved å kjøpa lodd «adopterer» ein andeunge.

Trekninga skjer ved å droppa dei nummererte plastendene i Oselvo. Første and over målstreken er vinnarloddet, mens det òg blir trekt ut fleire premiar.

– Vi har passert 1500 ender og det er ny rekord! seier andegeneral Tore Hisdal.

Det første året blei det selt rundt 1200, i fjor var det 1031 som adopterte seg ei and.

– Vinnar-anda er kanskje ikkje selt enno, då Frode Valle vann i fjor var det med ei tilleggsand han kjøpte ved elvebreidden rett før start.

Os (H)andball står på torget i Os laurdag formiddag og nesten heilt fram til start klokka 14.

Kan selja 2000

I tillegg til mamma-anda, som fungerer som ein reklame for løpet og som ikkje blir droppa, har Os Handball kjøpt 2000 små plastender.

Tidlegare denne veka var seks handballspelarar på dugnar i klubbhuset for å sortera ut kven som fekk vera med.

– Vi må sjå at dei nummererte endene samsvarar med lodda som er selt, derfor blir det eit par timar med dugnad før løpet. Så fyller vi på inn mot start etterkvart som dei siste «adoptivforeldra» dukkar opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.