Kultur | 08. aug. 2017

Endra mønster på utelivet i Os

Laurdag opna Empire. Samtidig auka aldersgrensa på ei avdeling av Catten til 25 år.

Endra mønster på utelivet i Os
Utestaden Empire blei godt besøkt opningshelga. Samtidig var det fullt hus på +25-avdelinga på Catten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. aug. 2017 08:58

Laurdag opna Catten-eigar Bjarte Andersen sin andre utestad på Os. Med Empire har han ambisjon om å laga ein nattklubb for unge vaksne, med fast 18-årsgrense, og med maksgrense 25 år.

Førebels er ikkje søknad om bruksendring innvilga, men lokalet er frå før regulert så han kan skjenka til 2 og halda ope til 2.30.

På same tid som dei over 25 år ikkje slepp inn på den nye utestaden, har han auka aldersgrensa på «Catten Lounge», avdelinga der pianobaren er, til 25 år. Resten av Catten har, som før, aldersgrense 20 år.

– Fullt hus begge stadar

På Catten Lounge var det smikkfullt laurdag.

– I barområdet var det ok, som ein vanleg laurdag, på discoavdelinga på Catten var det litt færre enn elles, seier Bjarte.

På den nye utestaden, Empire, var det over 100 gjestar både i privat selskap fredag og på offisiell opning laurdag.

– Fredagen blir sett av til utleige til bursdagsfestar, russekro og andre lukka lag. Vi har skjenkeløyve til 120 og fredag hadde vi 118 i lukka lag. Her var òg nokre mindreårige, men dei hadde verge.

Laurdag var det, til saman gjennom kvelden, 170-180 innom Empire.

Fine og interessante tilbakemeldingar

Andersen er nøgd med at det ser ut som om både vaksne og unge vaksne no trivst på kvar sin plass.

– Det var kjekt å ha så mange ungdomar på Empire den første helga, mange ansikt eg ikkje har sett før, og fin åtferd på dei som kom. Det var ein liten opptakt til bråk mellom to gutar rett etter ankomst til lukka lag fredag, men det fekk vi ordna på to minutt.

– Tilbakemeldingane på Empire var veldig fine, samtidig var det nokre av dei oppunder 25 år som var inne og sjekka plassen, og sa det såg kult ut, men at dei heller ville vera på Catten.

– Det blir interessant å sjå om dette held fram, at dei frå 18 til oppunder 25 samlast på Empire samtidig som dei frå 20 til 25 vandrar litt mellom Catten og Empire, og dei over 25 har fått ei avdeling og ein bar for seg sjølv på Catten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.