Kultur | 29. aug. 2015

Endresen må avlysa i Oseana

Han skulle hylla John Lennon, men får ikkje lov.

Endresen må avlysa i Oseana
Tor Endresen. (Arkvifoto/pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. aug. 2015 08:08

Tor Endresen si hyllest av John Lennon gjekk for fulle hus i Bergen.

No skulle han ut på turné, til Drammen, Askim, Os og Nøtterøy, men så blei turneen stoppa.

– Det som har skjedd er at vi skaffa rettigheitene til Lennon-stykket gjennom to amerikanarar i New York, fortel Jørn Abrahamsen til VG.no.

Abrahamsen, som med Frikk Musikk representerer Tor Endresen, forklarer vidare:

– Vi heldt konserten i Bergen først, men så fekk vi beskjed om at rettigheitene ikkje gjeld i Skandinavia.

Ingen har rettighetene

Det viser seg, ifølgje BA.no, at det er ingen (!) som har rettigheitene i Skandinavia.

Konserten i Oseana skulle gått 31. oktober. Alle som har kjøpt billett får refundert beløpet.

Abrahamsen seier dei håper å få alt på plass og koma sterkare tilbake neste år.

Eit anna kjent namn, Anneli Drecker, har utsett sin planlagte konsert i Oseana i haust.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.