Lokal | 24. juli 2017

Energisk på leir

Det blei full fart då 40 ungdommar frå heile verda, på CISV-leir i Os, inviterte til open dag.

Energisk på leir
Ungdommane tok med seg gjestane på ulike «Energizers» då dei hadde open dag søndag (foto: NAH)
Andris Hamremandag 24. juli 2017 10:53

Annakvart år arrangerer CISV Os leir for ungdommar frå heile verda. I sommar er det 14-åringar som er samla på «Tvillinger Step Up Os», som leiren heiter.

– Det har gått veldig greitt så langt. Det er kjekke ungdommar, fortel leirsjef Linn Fyllingen.

Søndag inviterte leiren osingane til Open Day og som vanleg tok deltakarane med seg gjestane på ulike «energizers» (rørsle til song, rim og regle, journ.mrk)

Besøkte Hamnesjefen og Raftohuset

Ungdommane som kjem frå Østerrike, Canada, Spania, Georgia, Indonesia, Jordan, Mexico, Norge, Sverige og USA kom til Os for vel 14 dagar siden. Den første helga var dei innkvartert heime hjå vertsfamiliar medan dei vaksne leiarane førebudde leiren. Frå kvar nasjon er det med fire ungdommar og ein leiar.

– I tillegg til normal leiraktivitet har vi hatt eit par utfluktar. Vi hadde ein tur ned på Osøyro mellom anna for å sjå på svanefamilien og fortelje historia om den.

– Vi har også hatt ei utflukt til Bergen, kor vi vitja Raftohuset. Dei var utruleg dyktige og hadde eit veldig godt opplegg for oss, skryt Fyllingen.

Skal på Borgafjellet

Mange av ungdommane er ikkje vante til å nytta naturen på same måte som vi er i Noreg, difor er leirsjefen litt spent når dei på tysdag skal på tur til Borgafjellet.

– Eg reknar det skal gå bra, ungdommane er flinke. Eg er meir spent på eit par av leiarane, avsluttar ho med eit smil.

CISV (Children´s International Summer Villages) er ein fredsutdannande organisasjon, religiøst og politisk uavhengig, som jobbar med ungar frå 11 år og opp i alder. Ved å samla ungar frå ulike land til tverrkulturelle møter i leir håpar organisasjonen på å bidra til auka forståing, kunnskap og toleranse mellom kulturar og nasjonar.

Teamet ungdommane på Os arbeider med er likeverd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.