
F.v.: Ingebjørg Astrup, Randi Lekven, Margit Lyssand Eide, Trine Gjerding Rosseland, Elisabeth Bochkon Tøsdal, Ina Christine Rasmussen, Frode Sirevåg, Kjetil Fossåskaret, Gunnar Staalesen og Vidar Bratlund Mæland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Engasjert samling om ny festival
– For det første var det stort berre å sjå kva folk vi hadde samla rundt bordet, å sjå denne fantastiske gjengen saman, seier Frode Sirevåg frå WT Festivalen.
Forfattar Gunnar Staalesen og tidlegare fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup var saman med Randi Lekven og Margit Lyssand Eide frå Os Senioruniversitet og Trine Gjerding Rosseland og Elisabeth Bochkon Tøsdal frå Os folkebibliotek på "tankerangling" med festivalleiinga på Bjørnefjorden Gjestetun.
– For det andre kom det ikkje berre mange gode idear og diskusjonar i løpet av kvelden, men fleire av dei som møtte er så engasjerte at allereie torsdag var dei i gang med å følgja opp delar av det vi snakka om i går. Møtet blei veldig vellykka, seier Frode, takksam for både oppmøte og engasjement.
Les òg: Startar litteraturfestival i Os
I november i fjor blei WT Litteraturfestival stifta, i november i år får Os sin første litteraturfestival, i Oseana frå 8. til 10. november.
– Ein festival krev gode førebuingar, ikkje minst når det er snakk om ein heilt ny festival, seier Kjetil Fossåskaret og Vidar Bratlund Mæland.
Dei to var saman med Frode med på å starta filmfestivalen WT. No står litteratur for tur.
– I tillegg til å starta førebuingane no vil vi legga planar for fleire litteratur-relaterte arrangement fram mot festivalen.
– Vi vil ikkje at dette berre skal vera tre dagar i november, vi vil gjennom heile året varma opp til festivalen med små og store aktivitetar. Og det er ikkje lenge til årets første, lover Vidar.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
