Kultur | 12. mars 2017

Engasjert og entusiastisk formidlar

Evelyn Holm har virka som kurator på Oseana i berre tre månadar, men har allereie satt sitt preg på Griegsamlingen.

Engasjert og entusiastisk formidlar
Evelyn Holm blir fort engasjert når ho snakkar om kunstverka i Griegsamlingen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 12. mars 2017 09:55

Evelyn Holm snakkar seg fort varm når ho skildrar kunsten som Per Grieg sr har samla, og som utgjer Griegsamlingen.

– Det har vore heilt fantastisk å få dykka inn i Per Grieg si samling. Det er utruleg mykje og, ikkje minst, mange forskjellige kunstnarar. Samlinga blir berre meir og meir interessant dess meir eg dykkar inn i den.

– Dette er ein mann si samling, og speilar jo smaken og interessa hans, men det er veldig gode kunstverk og sentrale kunstnarar gjennom tida Grieg har samla, seier Holm.

Ville visa forbindelsar

Det første ho måtte gjera etter at ho starta i jobben som kurator for samlinga var å setja saman ei ny utstilling i sjølve Griegsamlinga.

– Eg hadde lyst til å finna bilde i samlinga som eg meinte passa til dei samtidskunstnarane vi skulle få besøk av i Hvelvet. Det blei tre rom med «Work in progress». Det inste rommet, det mørke grå, er tileigna Bjarne Svanøe. Det raude rommet er tileigna Marit Victoria Wulff Andreassen som hadde si utstillingsopning i Hvelvet laurdag.

– I det midtste rommet er alle verka abstrakte i variert grad. Det rommet er tileigna Aage Langhelle som stiller ut i Hvelvet i april. Eg prøver å visa at sjølv om kunstverk er unike arbeider som taler for seg sjølv, så kan vi tolka dei inn i ulike samanhenger. Nokre ganger opplever vi at møtet med eit kunstnerisk arbeid påvirker, utdyper og av og til til og med endrer erfaringar med andre arbeid, forklarar Holm.

Eit meistermøte

Griegsamlingen får i sommar ei pause for å gje rom til kulturskulane i Hordaland si vårutstilling og sommaren store utstilling med Håkon Bleken og Sverre Bjertnæs.

– Til den utstillinga kjem forgjengaren min, Marianne Gathe, tilbake og gjer eit gjestespel som kurator. Det å få til ei utstilling med dei to er fantastisk. Marianne har kalla det eit meistermøte, ein tittel eg synest passar godt.

– Rundt 1. august kjem vi tilbake med verka i Griegsamlingen. Eg jobbar faktisk litt med den allereie. Det skal bli spennande å sjå korleis den blir. Du veit galleribransjen er ny for meg, samstundes så er jo samlinga nesten som eit museum. Eg gler meg til å presentera den på seinsommaren, avsluttar Holm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.