Sport | 19. jan. 2016

Enkel 3-0-siger

Volleyballjentene til Søre Neset hadde få problem med å slå Risnes, men måtte klundra det litt til for seg sjølv midtvegs i kampen.

Enkel 3-0-siger
Vibeke Ingebrigtsen tok tak og smasha inn fleire poeng då det butta litt imot (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. jan. 2016 08:03

Søre Neset Volleyball tok juleferie på toppen av 3. divisjonstabellen. Måndag var det duka for seriekamp igjen, heime på Nore Neset Aktivitetshus.

Gjestane frå Risnes tok med seg ein brei og stor tropp den tre timer lange køyreturen i eit håp om å ta skalpen til serieleiaren, men det klarte dei ikkje.

Søre Neset - Risnes 3-0 (25-8, 25-18, 25-11)

– 1. og 3. settet er det eigentleg ikkje så mykje å seie noko om. Vi vinn stort og har god kontroll frå start til slutt, fortel trenar Morten Asphaug.

Det 2. settet har han derimot meir å seie om.

– Vi startar sterkt og leier 9-0 når oppleggar Patrcyja Plata blir stoppa i serven. Vi er likevel solide eit lite stykkje vidare før vi plutseleg rotar det ekstremt til for oss sjølv. Plutseleg står det 16-15 på måltavla.

– Heldigvis har vi spelarar som Vibeke Ingebrigtsen som tek tak og finn fram smash-armen sin. Ho dundrar inn poeng etter poeng og gjer at vi vinn settet. Totalt plukkar Vibeke 15 poeng for oss og blir den som plukkar flest, følgt av Anne Irene Jensen og Patrcyja som tek 6 kvar, fortel Asphaug.

15 årig debutant

Asphaug fortel at dei er litt få på førstelaget om dagen, noko som gjer at fleire av juniorane får prøva seg på førstelaget.

– Grunna reise og skader er det litt tynn stall på førstelaget, men vi har motiverte juniorar som kan steppa inn.

– Amanda Boe har spelt nokre kampar med oss allereie og står i dag heile kampen. Ho er solid på sine server og har mange gode angrep. Igjen fekk ho æra av å smashe inn matchballen.

– I tillegg hadde vi i dag med oss ein debutant. 15 år gamle Eirun Klyve frå Øystese fekk i dag lov å prøva seg. Med sine høge og gode smashar slapp ho til i omlag halve kampen. Ho noterte seg med serve-ess, smashpoeng og blokkpoeng og viste at hun fortente sjansen ho fekk, avsluttar Asphaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.