Sport | 15. sep. 2014

Enkel siger til Os

Os Basket hadde laurdag serieopning i ny divisjon. Gamle stjerner på Gimle C blei lett match.

Enkel siger til Os
Os hamna under 0-2 på straffe, men med godt forsvarsarbeid tok dei raskt over styringa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. sep. 2014 09:40

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os Basketballklubb starta opp igjen på botnnivå i fjor, og rykte opp til 3. divisjon i vår.

Laurdag var det seriestart på heimebane og Os hadde ikkje problem med å vinna første runde i det dei håper blir nok ein opprykkssesong.

– Dei var ikkje så verst, med fleire tidlegare toppspelarar og nokre talentfulle ungdomar, men det blei i grunnen ein ganske enkel siger, seier lagleiar for Os, Mons Martin Borgen, om motstandarane.

Gimle C tok leiinga då dei skåra på straffe, men 0-2 blei raskt henta inn igjen.

Os leia resten av kampen og vann til slutt 76-57.

– No er vi spent på å sjå kva dei andre laga i avdelinga har å by på, seier Borgen.

Os Basket speler borte motBjorøy B i neste runde. Neste heimekamp går mot Fyllingsdalen C i oktober.

Sjå tabell og terminliste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.