Næringsliv | 15. des. 2013

– Enkelt og engasjerande

Med ein lokalt forankra eigarstruktur og ein eigenkomponert app vil Bookkeeper, som no har opna avdeling i Os, gjera det enklare og meir engasjerande å følgja med på eige rekneskap.

– Enkelt og engasjerande
Frå venstre: Torbjørn Hjelle, Grethe Klett, Marianne Søvik og Tommy Hjelle. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. des. 2013 17:38

Fleire erfarne rekneskapsførarar frå Os er partnarar i Bookkeeper Os, med nyopna avdelingskontor på Amfisenteret.

Tommy Hjelle, Torbjørn Hjelle og Marianne Søvik er partnarar, med seg har dei Grethe Klett, som har jobba ned rekneskap sidan 1971.

I tillegg blir Ingunn Nesbjørg å treffa på det nye kontoret på Amfi Os. Nesbjørg jobbar 50 prosent for kjedekontoret i den bergensbaserte kjeden, og 50 prosent ved avdelinga på Os.

– Vi har plass til sju og plan om å, på sikt, auka til rundt ti tilsette, seier kjededirektør og einaste tilsette ved kjedekontoret, Eivind A. Norebø.

Lokaleigd kjede

Det var etter at osingen Rune Klett sitt rekneskapskontor på Midttun slo seg saman med Lars Inge Tordal, at kjeden Bookkeeper blei danna.

– Ei gruppe investorar, med eigarskap i blant anna MX Sport, Joagruppen og Knowit (tidl. Reaktor), står bak.

16 av 18 eigarar er frå Os og Bergen og dei starta med å kjøpa opp Klett og Tordal sitt selskap, med plan om å halda fram med oppkjøp av mellomstore kontor for å bygga opp ei stor, landsdekkande rekneskapskjede.

– No er vi etablert i Bergen, Os, Arendal og Lillestrøm, med til saman rett over 60 tilsette. I slutten av januar er vi passert 90 og ved utløpet av 2014 skal vi vera over 140.

Spesiell eigarstruktur

Bookkeeper AS kjøper opp små og mellomstore rekneskapskontor, men held på den lokale eigarskapen.

– Kjeden eig 51 prosent av regionskontora, som igjen eig 51 prosent av avdelingane.

– På den måten får mellomstore kontor bli del av ein kjede, med dei fordelane det tar med seg. Samtidig som dei med lokalt eigarskap får økonomisk del og glede av veksten. I tillegg blir det enklare for regionskontora å senda kundar til lokalkontor, om det er forhold som tilseier at lokalkontora bør overta kundane.

– Dette er ein spesiell eigarstruktur og ei form for kjedeorganisering vi har fått mykje positiv merksemd for i fagpressa, seier Norebø.

Enkelt og engasjerande

Tommy Hjelle gjekk frå stillinga som avdelingsleiar for Visma på Os til å bli partnar og dagleg leiar i Bookkeeper Os.

– I tillegg til sjansen til å bli partnar likte eg filosofien og verktøyet Bookkeeper har utvikla, seier Hjelle.

– Applikasjonen, som gjer at du frå mobiltelefon eller iPad får rask og god tilgang, er så innhaldsrik, men enkel, at det blir gøy for kundane å følgja med på eige rekneskap.

Hjelle har inntrykk av at kundane ofte synest rapportar blir for tekniske og vanskelege å forstå.

– I tillegg til at programmet gjer både vårt og kunden sitt arbeid meir effektivt, blir det enkelt og engasjerande når du så lett kan følgja utviklinga og samanlikna tala med året før, meiner Tommy Hjelle, som i desember kom i gang i det nystifta selskapet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.