midtsiden

Enkelt val i Hagavik

Ikkje alle gjekk til urnene for å velja på valdagen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, september 13, 2011 - 22:36

Måndag, to dagar etter at hjortejakta starta i Os, sto to freidige hjortar på beite på nokre bakkar i Hagavik.

Måndag var det også valdag, og fotografen meiner han kom tett nok til å avsløra kva parti dei to bukkane sympatiserer med.

– Det var tydeleg at dei valte grønt, ingen roser, sløyfer eller kløver å sjå, skriv Torbjørn Helgesen i ein epost til Midtsiden.

Ap og Høgre gjorde med andre ord ikkje eit like bra val blant dei firbeinte i Hagavik som blant dei tobeinte. Utan kløver kan vi også gløyma Sp, som gjorde det midt på treet på Nore Neset, men best i hjortekrinsen Hegglandsdalen (12,2%).

Grønt utan kløver høyres ut som Venstre elle MdG som fekk 29 og 4 stemmer på Nore Neset.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11