Lokal | 06. okt. 2017

– Enkelte tar 10 bøsser på strak arm

TV-aksjonen 2017: Trudde du det var vanskeleg å skaffa 200 bøssebærarar i Os?

– Enkelte tar 10 bøsser på strak arm
Tove Hille og Marie L. Bruarøy på toppen. F.v.: Kjersti Ødemark, Kirsten Nylund, Emil Brimsholm frå tenesteutvalet og Stine Kobbeltvedt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. okt. 2017 12:05

Søndag 22. oktober, frå klokka 15 til 18, har NRK årets TV-aksjon. I 2017 går innsamlinga til Unicef sitt arbeid med å gi skulegang til borni krigsramma land.

Barnekonvensjonens artikkel 28 seier at alle barn har rett til utdanning. I dag er det 24 millionar ungar som ikkje får skulegang grunna krig og konflikt. «Hvert barn er en mulighet!» er slagordet, og mange barn og familiar er blant dei 100.000 som skal gå med bøsser om to veker.

– Vi har mange familiar som melder seg som bøssebærarar, det er ikkje så mange lag og organisasjonar som før. Men Nore Neset si handballgruppe har dei siste åra vore raske og rause, sånn var det også i år. Dei meldte seg med éin gong, tok ti bøsser, noko som dekker eit stort område, og er til no den største gruppa, fortel Tove Hille frå Os Frivilligsentral.

Ho har allereie 80 bøssebærar på plass.

– Vi er som oftast minst 200 bøssebærarar, spesielt når det er kjente organisasjonar som Unicef pengane går til. Kjem det fleire enn 200 kan dei stå med bøssene på folksame plassar, alle nabolaga i Os er nemleg delte opp i 16 roder med ruter for til saman 200 bøsser.

Før årets aksjon har Hille laga eit heilt system med kart - eitt kart per bøssebærar.

– Det er også mange som hjelper til utanom bøssebærarane, blant anna med å driva kafeen for dei frivillige. Bøssene skal hentast hos oss på frivilligsentralen (tidlegare Galleri Oz på Kyrkjeflaten), men basen, kafeen og innleveringa av bøssene er i Tunet kyrkje- og kulturhus (det utvida Kyrkjetunet).

Dei første får velja gate

Os Frivilligsentral har, med ordførar som formell leiar, organisert TV-aksjonen lokalt i Os sidan dei blei etablert under kultureininga i 2007. I april får dei veta meir om årets mottakar, i juni melder dei inn årets komité til fylket.

Årets komité i Os er Marie Lunde Bruarøy, Tove Hille, Stine Kobbeltvedt, Kjersti Ødemark, Kirsten Nylund, Jonny Haugland, Ingrid Vik og Torill Sund.

– Dei siste tre vekene er det ekstra travelt. Vi har sendt epost og sms til 332 tidlegare bøssebærarar og det er sendt ut informasjon som ranselpost med grunnskuleelevane i bygda.

– Bøssebærarane melder seg via blimed.no eller ved å ringa 02025.

Dei som melder seg tidleg har større sjanse for å velja kvar dei skal gå.

– Fleire gater er no tattenkelte tar òg fleire, men vi har 120 bøsser igjen.

Lokal Vipps til bestemt klokkeslett

Bøssebærarane blir sendte ut i felten klokka 15 og skal vera tilbake klokka 18.

Du kan gje pengar via Vipps, men om du vil at kronene skal bli registrerte under statistikk frå Os, må du vippsa mellom klokka 16 og 18.

– Alt som er før eller etter dette hamnar i ein riksdekkande pott for så å bli fordelt på alle kommunane, seier Hille.

Ungar som vil gå med bøsser må ha nokon som har passert 18 år med seg.

– Eg håper mange tar ut kontantar til denne dagen. Då fleire familiar melder seg, og tar bøsseaksjonen som ein søndagstur, er det ekstra kjekt for ungane om det klirrar litt i bøssa, seier Tove.

– Det skal ikkje klirra, det skal rasla, seier ordførar Bruarøy, som etter ein meldingsrunde fredag formiddag forskotterte eit formannsskapsvedtak og løyvde 20.000 kroner til aksjonen, éi krone per innbyggar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.