Lokal | 27. feb. 2018

Enklare bilstønadsordning

Lesarinnlegg: Bilstønadsordninga er ei viktig ordning for menneske som ikkje er i stand til å reisa med offentleg transportmidlar.

Enklare bilstønadsordning
Laila Reiertsen (Frp) er nøgd med at ordninga med bilstønad no skal bli enklare (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 27. feb. 2018 11:30

For å gjera ordninga enklare for desse brukarane sender regjeringa nå på høring forslag til ei enklare ordning.

Folketrygda skal kompensera for bestemte utgifter til betring av arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet for dei som har sjukdom, skade eller lyte. Det kan gjevast stønad til ordinære personbilar (gruppe 1-bil) eller spesialtilpassa kassebilar (gruppe 2-bil).

Dagens bilstønadsordning som blei innført i 2003. Evalueringar av ordninga etter dette har vist at ein bør sjå på fleire endringar. Og nokre endringar er allereie gjort. For eksempel den gledelege endringa som vart gjort i 2012. Der tildelingskriteriene for gruppe 2-biler vart endra slik at barn og unge under 18 år med sterkt avgrensa gangfunksjon etter ei nærmare vurdering kan tildelast gruppe 2- bil. Og frå året etter (2013) blei dette utvida til og å gjelda for dei over 18 år. Seinast i 2015 vart det gjort endringar. Då vart bilordninga utvida til å gjelda alle personer som hadde behov i gruppe 2-bil. Samtidig blei tilskotet til gruppe 1-bil forbehalden personar som er avhengig av bil for å komme seg til og frå arbeid.

Endringar ein ønskjer no å gjera med ordninga er at stønaden no skal vera gitt i form av eit tilskot for alle som mottar stønad til bil. I dag vert denne stønaden gitt til bil enten i form av rente-og avdragsfritt lån eller som tilskot, avhengig av kva for eit kjøretøy det er snakk om. Det foreslår også endringar i behovsprøvinga, sånn at det kun er søkjarens eiga inntekt som vert lagt til grunn- mot i dag kor også ektefelles inntekt vert teken med i vurderinga. Endringane vil føra til enklare ordningar å administrera og gje brukarane større grad av fridom i forhold til bruk av bilen og val av forsikring.

FrP er sers nøgd med at ein endrar ulike ordningar mot det betre for brukaren. Det å ha brukarperspektivet i fokus må ein aldri sleppa. Og om ein i tillegg brukar mindre på administrasjon og byråkrati så er dette bra.

Laila Reiertsen
Os FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.