Lokal | 10. apr. 2014

Enorm vekst - høg aktivitet

Os kan veksa med 20 000 nye innbyggarar i dei neste 30 åra. Korleis riggar kommunen seg for framtida?

Enorm vekst - høg aktivitet
Omlag 100 næringslivstoppar fekk med seg kommunen sin presentasjon på frukostmøte torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 10. apr. 2014 09:18

Omlag 100 næringslivstoppar i Os samla seg til frukost i Oseana torsdag for å høyre korleis kommunen tenkjer om framtida, både når det gjeld kommunale tenester, sentrums-, bustad- og næringsutvikling.

– Det er sjelden eg er oppteken av langsiktige planar.

– Det skal helst skje ting raskt, men no har vi ein særs viktig plan på gang når vi skal utarbeida samfunnsdelen av kommunedelplanen, forklarte ordførar Terje Søviknes (Frp).

20 000 på 30 år

Arealdelen av kommuneplanen blei vedteken for ikkje lenge sidan, men no skal ein sjå korleis ein må rigga kommunen i høve den venta folkeveksten, ny E-39 mot Bergen og etterkvart sørover.

– Prognoser seier at vi kan bli 20 000 nye osingar dei kommande 30 åra.

– Korleis skal vi då rigga samfunnelt lokalt for å møta denne veksten.

– Det vil kreva dobbelt så mange av mykje, fortalde ordføraren som ramsa opp barnehageplassar, skuleplassar, sjukehjemsplassar.

– I tillegg vil vi gjerne dobla vassforbruket og få ei kraftig auke på det interne vegnettet i kommunen.

– Det er ein krevande øvelse når vi veit kor mykje dette kostar.

Må bruke tida godt

I planen ser kommunen for seg områder som folketalsutviklinga, Os si rolle som regionssenter, sentrumsutvikling gjennom Liv på Øyro, nærings- og kompetanseutvikling, bærekraftig utvikling, universell utforming, kunst, kultur og fritid.

– Det vi no legg ut er ein plan for korleis vi skal planleggja.

– Der er det berre å komma med innspel om ein ønskjer andre tema med i planen.

– Vi har ein unik moglegheit no fram mot ny veg opnar i 2020.

– Åra som kjem må vi bruke steike godt for å løfte Os og Osøyro inn i framtida, var den klare oppmodinga fra ordføraren.

Håper på bompengeutsetting

Ordføraren var også innom E39 Svegatjørn - Rådal, som no ligg på regjeringa sitt bord.

– Vi har spelt inn, og prøver å få utsatt bompengeinnkrevinga til vegen står ferdig. I staden for å starta innkrevinga når utbygginga startar.

– Viljen er nok der hjå samferdselsdepartementet, men finansdepartementet held, nær sagt, naturleg igjen.

– Eg håpar, og trur, at proposisjonen kan fremjast for stortinget no i slutten av april eller byrjinga av mai, slik at vi får eit vedtak før sommaren.

Ei orientering om Ferjefri E39, Lyseparken og Liv på Øyro blei det òg plass til før ordføraren overlot ordet til prosjektsjef Tor Inge Døsen for å dra igjennom dei mange prosjekta kommunen allereie er i gang med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.