Kultur | 28. mars 2015

Enslaved til Oseana

Det blir ein tung haust på Oseana når Enslaved kjem på vitjing.

Enslaved til Oseana
Enslaved spelte på Rock 'n LOL i 2012, til hausten kjem dei til Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 28. mars 2015 08:31

Ut av påskeegget dreg arrangementssjef Berit Steen den første av haustens artistar.

– Det er eit påskeegg av den mørke sorten.

– Enslaved kjem til Oseana den 15. oktober.

Spent

Steen legg ikkje skjul på at ho er spent på konserten.

– Dette er musikk vi ikkje har hatt her før, og som folk kanskje ikkje trudde ville koma.

– Men vi skal vera eit kulturhus som fevnar breidt..

– Enslaved pleier jo normalt å spele på større arenaer enn dette, men når dei no skulle ut på Noregsturne og spurte om vi ville ta i mot dei var det ikkje tvil.

– Sjølvsagt ville vi ha dei til Oseana. Metall-publikummet må òg få sitt.

– Dette er i gruppe publikum som kanskje ikkje er dei som er her ute mest, så det gler vi oss til, avsluttar Steen.

Totalt har Enslaved gitt ut tolv studioalbum og vunne fire Spellemannprisar og ein Alarmpris.

Enslaved er et norsk progressivt ekstrem metal-band, som ble dannet i Sveio i 1991 som i dag består av Ivar Bjørnson (Daimonion), Grutle Kjellson, Arve Isdal (Ice Dale), Cato Bekkevold (Ca-2) og Herbrand Larsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.