Sport | 16. nov. 2014

Er berre nøgd med 1000-meteren

Sverre Lunde Pedersen tok 2. plass i B-gruppa på 1000-meteren, men er elles skuffa med eigne prestasjonar i verdscupopninga.

Er berre nøgd med 1000-meteren
Høgdepunkt i Japan: Sverre Lunde Pedersen var på pallen laurdag, etter 2. plass i B-gruppa på 1000-meteren. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. nov. 2014 20:16

Osingen Sverre Lunde Pedersen frå Fana IL og resten av skøyteeliten opna i helga sesongen med verdscupopning i Japan.

I oppunder 20 varmegradar har dei i helga gått 5000, 1000, 1500 og 500 meter, og 1000-meteren er den einaste Sverre er nøgd med.

– Det er ikkje så ofte eg går 1000-meteren, men sidan det ikkje var lagtempo i helga så tok eg den distansen òg.

Betre enn bestenoteringa

Sverre gjekk i mål på 1.10,89, tett på persen han sette i Inzell på 1.10,60 førre vinter.

– Isen i Inzell var betre, så dette var ein betre prestasjon, synest Sverre sjølv.

Det heldt til 2. plass i B-pulja og like bra som 16. plassen blant dei 20 i A-pulja, som Sverre no er kvalifisert i.

– Men det spørs om eg går 1000 meter i Seoul, det er 10.000 meter same dag.

Skuffa over resten

På 5000 meter fredag hamna Sverre på 8. plass, på 1500 meter i dag gjekk han i mål på 1.47,81, som heldt til 10. plass.

500-meteren gjekk han som vanleg ikkje.

– Eg er skuffa over helga samla sett. Eg er ikkje i toppslag, derfor blir det litt tungt og sakte heile vegen. Nivået er så høgt at det gir utslag med ein gong formen ikkje er der.

– Kva skal du gjera betre neste helg?

– Form og teknikk heng saman, så eg har slite litt med det tekniske, særleg på 5000-meteren.

Sverre fortel at han ikkje er sjuk, han berre merker at han ikkje har nok overskot.

– Er det oppkjøringa som heng igjen i kroppen?

– Eg har trent meir i år og tettare inn mot sesongstart, så det kan nok godt vera, seier Sverre.

Måndag morgon reiser han og resten av landslaget til Sør Korea for å førebu seg på andre verdscuprunde, som går i Seoul neste helg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.