Lokal | 10. jan. 2018

Er det eitt eller to felt her?

Korleis skal du køyra i rundkøyringa mellom Meny og UnoX?

Er det eitt eller to felt her?
I rundkjøyringa er det berre eitt køyrefelt, likevel vel mange å køyre som om det er to (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 10. jan. 2018 07:07

Bildeserie:

Er det greitt å legga seg utanpå den som ligg inst? (foto: AH)
Er det greitt å legga seg utanpå den som ligg inst? (foto: AH)
1 av 1
Er det greitt å legga seg utanpå den som ligg inst? (foto: AH)

Måndag kveld blei det ein diskusjon på Facebook-sida «Oppslagstavlo på Os» som handla om det er eitt eller to felt i rundkøyringa mellom Byvegen og Industrivegen, mellom Meny og UnoX, om du kunne legga seg «utanpå» den som var inst i rundkøyringa og, om det skjedde, kven som har vikeplikt for kven.

– Det er eitt felt i rundkøyringa på Tøsdalsskiftet, fortel Bente Isdal, i Statens vegvesen.

– Det kan likevel ligga to bilar i same felt, det er ikkje ulovleg.

Isdal er overingeniør med ansvar for trafikksikring, mellom anna i Os kommune.

Ikkje nok areal til meir

Isdal har ikkje fått snakka med dei som i si tid prosjekterte den fem-arma rundkøyringa (ein ekstra arm ut frå bussholdeplassen nedanfor Meny), men fortel at det truleg ikkje var meir areal tilgjengeleg då den skulle prosjekterast og byggast.

– Eg vil tru at den har blitt som den har blitt fordi det var, og er, eit begrensa areal der oppe. Samstundes så er den bygd så stor som mogleg for å få ein best mogleg svingradius for større bilar som til dømes kjem frå Halhjem og skal vidare mot Bergen.

Standard vegbredde i tråd til Handbok N100 er 3,25 meter på kvart kjørefelt. Skal du ha to felt i ei rundkøyring tydar det på at du må ha 3,25 x 2, pluss ekstra for svingradius og vegskulder hele vegen rundt. Med andre ord treng du minst 13 meter berre for køyrefelta, i tillegg kjem ekstra for svingradius, vegskulder og midtfeltet i rundkøyringa.

Ver tydeleg på kor du skal

På spørsmål om korleis ein skal køyra i rundkøyringa viser Isdal til ei nyleg oppdatert nettside hos Statens vegvesen kor det ligg instruksjonsvideoar på korleis ein skal køyra i ei lita, mellomstor og stor rundkøyring.

Videoane finn du her

– Det viktigste er å visa kor du har tenkt deg. Kjem du frå Bergen og skal vidare ut til Halhjem, så legg du deg til høgre og blinkar til høgre, sjølv om det ikkje er eige felt til høgre.

– Skal du ned mot Os, så legg du deg til venstre, blinkar til venstre fram til du passerer utkøyringa frå kollektivterminalen før du blinkar deg ut til høgre, forklarer Isdal.

Vanleg vikeplikt gjeld

Kanskje eit av dei mest vanlege køyremønstra i rundkøyringa er at bilistar som kjem ned Industrivegen og skal til Os, legg seg til høgre i rundkøyringa samstundes med at det kjem ein bilist frå Bergen mot Os i det mange oppfattar som venstre felt.

– No er det berre eitt felt gjennom rundkøyringa, så då må dei ta omsyn til kvarandre, men eg forstår at det kan vera at folk vel å køyra som du fortel.

– Om det skjer, og ein kolliderar når ein skal ut av rundkøyringa, kven har då skulda?

– Inne i rundkøyringa er det vanleg vikeplikt som gjeld. Det betyr at har du ein bil på høgre side av deg, så har du vikeplikt. Det er difor viktig å sjekka dødsona di. Er det ein bil der, så må du bremsa for å sleppa den fram, eller ta ei runde ekstra, seier Isdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.