Bussen på bildet liknar ein bybuss, men er frå Osbuss (i rute for Skyss), og har bilbelte. (Foto: KVB)

Er det greit å bruka «bybuss» over Fanafjellet?

Vegvesenet reagerer på at Skyss bruker bussar utan bilbelte over Fanafjellet. – Ein frontkollisjon eller utforkøyring kan få dramatiske konsekvensar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bussar blir delte i tre klassar. Klasse 3 er større turbussar, utan ståplassar, som ikkje går i rute, klasse 2 er rutebussar med både stå- og sitjeplassar, typisk Bergen-Os-buss. Både klasse 3 og 2 har krav om bilbeltebruk.

Klasse 1 har store dører, fleire ståplassar enn sitjeplassar og blir kalla bybuss. Den har ikkje krav om bilbelte.

– Både når vi har hatt trafikkontrollar, og som privatperson, har eg observert fleire bybussar gå i rute over Fanafjellet, seier inspektør Lars Harald Drange i Statens vegvesen.

Han undrast over om dette er i tråd med tryggleiksvurderingane hos Skyss.

– Her er det fleire bratte vegskuldre, vegen er smal, det er 80-sone over fjellet og vegen er ofte glattare enn i låglandet. No er det også tipp med tilhøyrande lastebiltrafikk på delar av vegen. Alle desse faktorane gjer at risikoen aukar på vegen over Fanafjellet.

Han meiner bybussane høyrer heime i og nær bykjernene, der farten er låg og det er hyppig av- og påstiging.

– Ein frontkollisjon eller ei utforkøyring kan få alvorlege konsekvensar, spesielt om ingen har bilbelte. Til og med ein bråbrems med ein bybuss kunne ført til store skadar på passasjerane, påpeikar Drange.

– Det har fungert bra sidan 2010

Hos operatør Tide seier Lubna Jaffery at dei leverer bussar i tråd med krava i anbodet frå Skyss. Målfrid Vik Sønstabø, leiar for avdeling trafikktilbod i Skyss, seier det i utgangspunktet ikkje er grenser for kva type veg du kan køyra med kva type buss.

– I hovudsak er bussklasse 2 best eigna for langkjøring og blir hovudsakleg brukt i ruteområda i distriktet, men òg over Fanafjellet.

Busskontrakten for Bergen Sør gjeld for perioden 2010-2019, og hovuddelen av bussparken er dermed frå 2010. Fordelinga av busstypar i Bergen Sør er om lag 50/50 av kvar klasse (klasse 1 og klasse 2).

– For dei reisande er det ein fordel med effektivt bussmateriell, fordi det gir eit betre rutetilbod med raskare køyretid og fleire avganger. Vi veit at kortast mogleg reisetid er ein av dei viktigaste faktorane for at folk skal velja å reisa kollektivt.

– Er Skyss komfortabel med å senda slike bussar på ein meir risikofylt vegstrekning som denne?

– Det er ikkje optimalt, men det har fungert bra sidan 2010. Men vi vil sjå nærmare på val av busstypar i samband med nytt anbod i 2019.

– Burde sett tryggleik framfor innsparing

Sjølv om det er lov å køyra bybuss i ruter langt utanfor by- og sentrumsnære strøk, synest Drange at Skyss skulle lagt inn krav om klasse 2 på ruter som den over Fanafjellet.

– Bybussar er billigare, men her er det snakk om å ta ansvar og å prioritera tryggleik.

– Vi veit frå før at veldig mange passasjerar ikkje bruker bilbelte i buss, men i ein bybuss har du rett og slett ikkje valet sjølv ein gong. Bussane er bygde på ein heilt annan måte enn klasse 2, og som passasjer er du sårbar.

– Reagerer ikkje før dei knuser nokre tenner

Drange har erfart at det er vanleg at passasjerar slurvar med bilbelte i buss.

– Det er gjerne lett å tru at du sit heilt trygt i eit stort køyretøy. Dette blei avkrefta seinast i går.

Han siktar til kollisjonen mellom tre bussa i Bergen, der tre personar «flaksa veggimellom» og blei sendt frå staden i sjukebil.

– Eg veit ikkje om desse brukte bilbelte, men det viser at du kan skada deg også om du sit i ein buss. Og her var det snakk om relativt låg fart, og ingen frontkollisjon.

– Folk er lite flinke. Eg håper det hjelper litt med haldningskampanjar og kontrollar, men så få som eg ser med belte i dag så trur eg enkelte dessverre ikkje vil bli flinkare før dei sjølv har dunka hovudet borti eller knust nokre tenner.

I fokus

I førre veke hadde Statens vegvesen fokus på beltebruk i bussar.

- Utan belte er du til fare for deg sjølv og andre du reiser saman med om det skulle skje ei ulykke. Gebyret på 1500 kroner i seg sjølv er ikkje viktig for oss, men eit viktig verkemiddel for å få fleire til å ta trafikksikre val. Det er få ulykker i buss, men skadepotensialet er stort om noko skulle skje, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest.

– Vi hadde ikkje kontoll av bussar i Os førre veke, men det er ikkje lenge til neste gong vi kontrollerer bilbeltebruk i Os, seier Drange.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Stå saman med folket i Palestina!

26. april 2017

Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.

bilde-midtsiden

«Dobbelt» vårslepp i Os sentrum

26. april 2017

Då sentrumssjefen måtte på klinikken fekk vi styreleiar i sentrumsforeininga til å fortelja korleis laurdagens Vårslepp skal bli.

bilde-midtsiden

SjekkUT Os-fjella

26. april 2017

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

bilde-midtsiden

Tre frå Os blei meister i feltskyting

25. april 2017

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

bilde-midtsiden

Pallplass med bismak

25. april 2017

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

bilde-midtsiden

Tommy kom til Os for å takka

25. april 2017

Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i...

bilde-midtsiden

Fekk termokikkert i gåve

25. april 2017

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.